Hopp til innhold

No treng du ikkje lenger vente her

Skatestraumtunnelen er no opna for fri ferdsle. – Det tykkjer vi er ei god julegåve til innbyggjarane i Bremanger, strålar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Reparasjon i Skatestraumtunnelen

MYKJE SKADER: Statens vegvesen held reparert skadar i mange månader etter tunnelbrannen i sommar. No er tunnelen snart heilt ferdig.

Foto: Sveinung Hovland / Statens vegvesen

Tunnelen på fylkesveg 616 har vore heilt stengt, og deretter berre vore open for kolonnekøyring, sidan ei tankvogn med 16 500 liter bensin eksploderte i tunnelen i midten av juli.

Margot Aase Åsebø, seksjonsleiar, Statens vegvesen region Vest

NØGD: Seksjonsleiar Margot Åsebø hos Statens vegvesen er glad for at Skatestraumtunnelen igjen er open for fri ferdsle.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Frå klokka 16 i dag, var det endeleg fri ferdsle.

– Men farten er redusert fordi vi manglar fire tunnelvifter i nordenden. Vi ventar å få viftene på plass i vinter og då blir det også normal fart, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Sikrare tunnel

Tunnelen fekk store skader i det som vert rekna som landets største tunnelbrann. Åsebø fortel at siste kostnadsoverslag for reparasjon av tunnelen og kolonnekøyring er på 57 millionar kroner.

Åsebø seier tunnelen no er betre og sikrare enn den var før.

– Vi har fått montert tettare med naudstasjonar og evakueringslys, så den blir tryggare. Det blir også nye bommar på utsida av tunnelen etter jul. Desse vil gå ned for å hindre trafikk inn i tunnelen dersom eit brannsløkkingsapparat blir fjerna, seier Åsebø.

Rosar reisande

Seksjonsleiaren rosar pendlarane for å ha vore tolmodige gjennom ei utfordrande tid.

– Mange har fått ein veldig tungvint kvardag, lenger reiseveg og mykje venting. Men eg tykkjer folk har vore skikkelege tolmodige, seier ho og legg til at kolonnekøyringa har fungert fint.

– Vi tok omsyn til innbyggjarane i Bremanger og dei som pendlar internt i kommunen. Totalt har vi hatt ti kolonner om dagen og stengt om natta, avsluttar ho.