Hopp til innhold

No er det opp til Stortinget

Fylkespolitikarane har sagt sitt. Både Hordaland og Sogn og Fjordane har gitt tommel opp til ei fylkessamanslåing. Neste hinder på vegen er Stortinget.

Stortinget oversiktsbilde

SKLA AVGJERE: Etter at fylkespolitikarane no har sagt sitt, er det Stortinget som skal avgjere framtida til dagens fylke. Det skal dei gjere i sommar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Fylkestinga i både Hordaland og Sogn og Fjordane har no vedteke at dei vil slå seg saman til eit nytt storfylke som dei gjerne vil kalle for Vestlandet. Då har fylkespolitikarane gjort det dei kan, og neste steg er at samanslåinga skal opp i Stortinget.

Les også: No har Hordaland sagt ja til Sogn og Fjordane

Men er det noko sjanse for at samanslåinga ikkje går igjennom i Stortinget?

Bak vedtaket til fylkespolitikarane ligg det to klare vilkår som dei sjølve hevdar kan felle heile avtalen, om dei ikkje blir innfridd. Det eine er at fylkespolitikarane krev at det nye storfylket får fleire oppgåver enn det dagens fylkeskommunar har. Det andre er at dei berre vil slå seg saman om også andre fylke her i landet gjer det same.

Stemming vestlandsregion

SA JA: Fylkestinget i Sogn og Fjordane røysta ja til å slå seg saman med Hordaland.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Stortingspolitikarar klare til å innfri

To av stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane seier i dag at dei er klare til å ta krava frå fylkespolitikarane på alvor.

– Det er eit absolutt krav ifrå fylkestinget at det skal kome nye oppgåver, og at dagens 19 fylke skal reduserast til om lag ti regionar. Om ikkje dei to tinga fell på plass, så er ikkje avtalen bindande, seier Ingrid Heggø som sit på Stortinget for Arbeidarpartiet.

Så du kjem til å røyste nei til samanslåinga mellom dei to fylka i Stortinget om dei to tinga ikkje er på plass?

– Ja, det er heilt rett. Eg vil følge opp dei krava som fylkestinget har sett til Stortinget.

Også Bjørn Lødemel som sit på Stortinget for Høgre seier at han vil innfri krava frå fylkestinget.

– Vi har eit vedtak i Stortinget som seier at vi skal ha rundt ti regionar her i landet, og det er klart at eg føreset at det ligg til grunn. Vi må ha færre fylke om vi skal kunne dele ut oppgåver, seier Lødemel.

Ingrid Heggø på Ap sitt fylkesårsmøte

VIL STØTTE FYLKESPOLITIKARANE: Ingrid Heggø varslar at ho er klar til å stå på krava til fylkespolitikarane om nye oppgåver

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Krevjande å flytte oppgåver

Det kanskje største spørsmålet så langt i diskusjonane rundt fylkessamanslåing har vore kva nye oppgåver dei nye storfylka kan få tilført.

I dag har fylkeskommunen ansvar for dei vidaregåande skulane, for fylkesvegane, tannhelse og ein del kulturforvaltning. Spørsmålet er om dei nye fylka kan ta på seg oppgåver som i dag ligg til staten.

Bjørn Lødemel

MÅ FÅ NYE OPPGÅVER: Bjørn Lødemel sit på Stortinget for Høgre, og han meiner at Stortinget må gje det nye storfylket fleire oppgåver enn det fylka har i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bjørn Lødemel meiner det, men han har ikkje noko svar på kva slags oppgåver det i så fall skal vere.

– Det er heilt avgjerande at dei nye fylka får tilført nye oppgåver, men det er veldig krevjande å faktisk gjere det. Det såg vi og under den raudgrøne regjeringa at det ikkje er lett å få flytta oppgåver frå staten og ned til fylka, seier Lødemel.

Samanslåing av fylke skal opp i Stortinget i sommar.