Hopp til innhold

– Eg synest det er ganske teit å berre kaste flaskene

VASSENDEN (NRK): Etter at pantesatsen blei dobla for dei små plastflaskene og boksane, pantar kameratane Per Siem og Sebastian Årdal mykje meir. Det er dei slett ikkje åleine om.

Per Siem og

PANTEKOMPISAR: Per Siem og Sebastian Årdal pantar meir no etter at pantesummen blei auka.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo bra å redde miljøet og få pengar samtidig. Det er mykje finare ute når det ikkje ligg panteflasker over alt, fortel dei to ungdomane frå Vassenden i Jølster.

Nær dagleg tar dei med seg pant til den lokale butikken og får att i klingande mynt.

– Tre flasker blir plutseleg til ein tiar og det merkar folk. Me ser at det faktisk tyder noko for folk at me har auka panten, seier administrerande direktør i Infinitum, Kjell Olav Maldum.

Infinitum eig og driftar det pantesystemet me har i Noreg i dag. Dei såg at det blei ein stopp på auken i innsamlinga for nokre år sidan. I fjor kom det nye pantesatsar, og innsamlingstala har auka.

No får du to kroner for ein boks eller ei lita flaske, tre kroner for dei store.

– Foreløpig er det rundt to prosent auke i innsamling av pant. Det er i det området me hadde forventa, seier Maldum.

Positiv auke

– Du får igjen pengane dine ved å ta vare på emballasje og levera den tilbake. Me har høgare innsamling enn noko anna innsamlingssystem du kan samanlikna med, nettopp på grunn av den økonomiske motivasjonen.

Maldum meiner auken av innsamling er positiv. Det tyder at dei kjem til å samla inn over 90 prosent av flaskene via panteautomatane. Ifølgje Maldum når dei då EU sitt nye mål om 90 prosent innsamling, ti år før målet skal vera nådd.

Kjell Olav Maldum

FORVENTA AUKE: Administrerande direktør i Infinitum, Kjell Olav Maldum, ser at tala på innsamling av pant har stige. Dette har skjedd etter at pantesatsane steig i fjor.

Foto: Infinitum

I tillegg meiner Maldum at innsamling har stor påverknad på miljøet.

– Det har enorm tyding. Plast i naturen er noko herk, det er det ikkje tvil om. Likevel er plast eit fantastisk materiale. Når du attvinn plast for andre gong, så bruker du veldig lite energi, seier han.

Ifølgje Maldum så kan CO₂- utsleppa i Noreg reduserast med 155.000 tonn i året, dersom dei får brukt all plasten og boksane dei samlar inn.

– Så lenge me har eit innsamlingssystem og gjenvinningssystem, så er plast faktisk det mest effektive materialet, seier Maldum.

Britiske flasker hamna på Stadlandet

I Noreg finst det om lag 3700 panteautomatar, og 12 000 innleveringsstader for pant. Slik er det ikkje alle stader.

– Me blei kontakta av «Sky News» som lurte på om me visste kva som skjedde med alle flaskene som hamna i elva Themsen. Då kunne me dokumentera at dei hamna på Hoddevika på Stadlandet. Dei kom over Nordsjøen og opp til norskekysten, seier Maldum.

Han fortel at England la ned pantesystemet då dei gjekk vekk ifrå gjenbruks-glasflasker. I Noreg har det vore til stades heile vegen. England må no innføra på nytt ei løysing som var god. Dei kan ikkje akseptera at alle flaske flyt rundt.

På Vassenden synest i alle fall kameratane Per Siem og Sebastian Årdal at det er bra at fleire pantar.

– Eg synest det er ganske teit å berre kaste flaskene, slår Sebastian fast.