Hopp til innhold

No er det for mykje av både gris og sau

GLOPPEN/FØRDE (NRK): Bøndene produserer meir og meir kjøt, medan vi nordmenn et mindre norskprodusert kjøt. Resultatet er at vi no har overproduksjon av både gris og sau.

Grisar i Gloppen

MYKJE GRIS: Nett no er det overproduksjon av gris, og mange grisebønder opplever at dei får dårlegare betalt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Akkurat no er det ganske dårleg stemning blant grisebønder. Det går alltid opp og ned med prisane på kjøt, men nett no er det mykje dårlegare enn det som er vanleg, seier Arne Einar Reed.

Han er grisebonde på Reed i Gloppen, og merkar godt at prisen på grisekjøt er dårlegare enn det som er vanleg.

Grunnen er at det for tida er stor overproduksjon av grisekjøt her i landet, og då går prisane ned.

– For oss bønder kan det vere så mykje som eit par kroner per kilo kjøt i nedgang, og det er ganske dramatisk. For folk som har investert millionar i nye fjøs og driftsbygningar, betyr det store bekymringar, seier Reed.

Grisekjøt på lager hos Nortura i Førde

MYKJE GRIS: Nett no ligg det 2219 tonn med grisekjøt på lager i Noreg, dette er frå lageret ved slakteriet til Nortura i Førde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det er ikkje uvanleg at det blir produsert meir kjøt enn det vi treng i Noreg, men det som er meir uvanleg er at det no gjeld både storfe, sau og gris samstundes. For grisekjøtet sin del handlar det både om at forbruket har gått ned og at produksjonen har gått opp.

Akkurat no ligg det 3032 tonn med sauekjøt, 2219 tonn grisekjøt og 2718 tonn storfekjøt på norske kjølelager. Tilsvarande tal for same tid for to år sidan er 3208 tonn sauekjøt, 824 tonn grisekjøt og 21 tonn storfekjøt.

– Det er for gale at det går så langt med overproduksjonen før det blir gjort noko, tykkjer Reed.

Arne Einar Reed

FRUSTRERT: Arne Einar Reed er frustrert over dei låge prisane på grisekjøt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Folk må få ete det dei vil

Mat- og landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) er eining i at den store overproduksjonen ikkje er bra, men han trur ting vil sjå lysare ut om ikkje så lenge.

– Det er jo slik med dyr og matproduksjon at det ikkje er like lett å skru att krana, som det er med ein del anna produksjon. Ein av grunnane til at vi har overproduksjon er jo at vi har flinke bønder som har gjort ein veldig god jobb med å avle fram meir produktive dyr.

Ein annan grunn er at forbruket av til dømes grisekjøt er på veg ned?

– Ja, og folk må jo få lov til å ete det dei vil, men det er jo opp til aktørane i marknaden å tilpasse seg slik at det blir ein balanse på sikt.

Bård Hoksrud

FOLK MÅ FÅ ETE DET DEI VIL: Landbruksminister Bård Hoksrud understrekar at folk må få ete det dei vil.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Eit av verktøya som no blir brukt for å få ned produksjonen av gris, er å betale grisebønder for å leggje ned drifta.

– Eg håpar ikkje at folk her i området takkar ja til det, for vi treng dei bøndene vi har. Men vi får håpe at prisane etter kvart betrar seg slik vi får meir betalt for kjøtet, seier grisebonde Arne Einar Reed.