Hopp til innhold

No er det 19 år til neste gong dette skjer

Då Jan Christian Jerving fann ut at det ikkje har vore fullmåne i jula sidan 1977 var han snar med å finne fram kameraet.

Fullmåne Lærdal 2. juledag morgon

FULLMÅNE: Dette biletet er teke i Lærdal klokka 06.00 2. juledag.

Foto: Jan Christian Jerving

For natt til 2. juledag var det altså fullmåne for første gong på mange år i jula. Og neste fullmåne i jula blir ikkje før i 2034, ifølgje Aftenposten.

Lærdølen Jan Christian Jerving er ivrig med kameraet, men vart ekstra ivrig då han høyrde dette. Klokka 06.00 laurdag morgon var han ute på verandaen for å knipse.

– Det var utruleg fint. Det var klarvêr ganske lenge. Litt skyer kom over månen ei lita stund, men ikkje lenge, fortel han.

Ivrig fotograf

Fullmånen skal ha vore sterkast klokka 23.00 1. juledag norsk tid, men Jerving trur ikkje det har vore stor forskjell frå då og til då han tok bilete.

Lærdal bada i fullmåne 2. juledags morgon

BADAR I MÅNELYS: Lærdal vart relativt godt opplyst då fullmånen stod over 1. juledag og natt til 2. juledag.

Foto: Jan Christian Jerving

Jerving er ein ihuga fotograf og er svært glad i å ta naturbilete. Særleg er den blå timen eit ynda motiv.

– Ja, akkurat i den timen då det går frå svart til lyst blått, det er utruleg fint, seier han.

Månebilete er heller ikkje å forakte for hobbyfotografen, men det var berre flaks at han fekk fanga fullmånen på film.

No kjem truleg snøen

Dei siste dagane har det vore overskya og regn over heile fylket, men 2. juledag er det meldt opplett og gløtt av sol.

– Ja, det var utruleg flaks, seier han.

I morgon skal det igjen skye til, men den kalde lufta som har lagt seg over fylket skal bli verande litt til. Dermed er det meldt om gode moglegheiter for snø mange stader i fylket søndag. Det blir teke godt imot i Lærdal.

– No skal ein 600–700 meter opp for å finne snø her, så det hadde vore fint med litt snø nede i bygda, seier Jerving.