Hopp til innhold

Korleis feirar du jul? Vi bad om dine foto

Vi har vore på jakt etter gode julestemningar – både ute og inne. Før jul bad vi deg dele bileta dine med oss, og ville gjerne ha både kos og kaos.

Grøn jul i Lodalen
Foto: Stian Sæten

Vi har trekt ut Stian Sæten (sjå bilete over) som vinnaren av gåvekortet på 1000 kroner. I tillegg får Eva Rake, Hildegunn Hatledal, Roald Kjeldstad og Britt Sølvi Ellingsen eit NRK-krus i posten.

Dei innsende bileta kan du sjå i galleriet over og nedst i saka.

Vi i NRK Sogn og Fjordane ønskjer oss flotte bilete frå jul, romjul og nyttår – både frå stemningar inne eller turane ute. Er du utanlands, håper vi du kan vise korleis di feiring er der.

Vi trekkjer ut ein heldig person som får eit gåvekort på 1000 kroner. I tillegg får fire heldige innsendarar eit NRK-krus.

Merk bileta dine med #nrksf på Instagram, så hamnar dei i galleriet vårt nedst i saka.

Du kan også sende oss bilete på epost til sffoto@nrk.no.

Så no håper vi på mange flotte bilete som vi legg ut i biletgalleri her i løpet av jula. Siste frist for innsending er søndag 3. januar.

Her finn du bileta merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..