Hopp til innhold

No er alle tilbake i klubben

Med Tore André Flo sitt comback mot Rosenborg i helga, er snart alle dei gamle Sogndal-heltane tilbake i ei eller anna rolle på Fosshaugane.

Heimvende Sogndal-veteranar

PREGAR MILJØET: Veteranane Tommy Øren (f.v.), Terje Skjeldestad, Tore André Flo, Eirik Bakke og Håvard Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Både Håvard Flo, Terje Skjeldestad, Tommy Øren og Eirik Bakke er attende der det starta.

Tore André Flo

FEKK 30 MINUTT: Til stor jubel vart Tore André Flo byta inn i andre omgang i oppgjeret mot Rosenborg.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er jo fantastisk at Tore André er i såpass god form. Han har vore med og trena med oss i heile sommar. No ventar vi berre Jostein eller Kjell Rune (begge Flo) óg, så er heile greia komplett, fleipar assistenttrenar og tidlegare keeper Skjeldestad som gler seg over 38 år gamle Flo sitt comeback.

Tidenes Fosshaugane-comeback

Det gjekk eit brus gjennom Fosshaugane då speaker ropte opp Tore André Flo. 60 minutt ute i 1-1 kampen mot Rosenborg gjorde stryningen tidenes comeback på Fosshaugane laurdag.

– Det var ganske kjekt faktisk, når alt kom til alt, å få vere med att, seier Flo etter sin første inntreden for Sogndal på 17 år.

Kryr av veteranar

Men Tore André er slett ikkje den einaste veteranen som går i gangene på Fosshaugane. Fetter Håvard er assistenttrenar, Eirik Bakke er tilbake som kaptein, Tommy Øren har likevel ikkje lagt opp. Han spelar igjen kampar for Sogndal sitt andrelag. Og Terje Skjeldestad er også assitenttrenar.

Trond Fylling

SPORTSJEFEN: Trond Fylling har fartstid som spelar på Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sistnemnde er vel og merke den einaste som har vore ein rein klubbspelar gjennom heile karrieren og berre har spelt for Sogndal.

I tillegg er både klubben sin sportslege leiar Trond Fylling og hovudtrenar Harald Aabrekk gamle kjenningar. Begge har spelt for klubben, og begge har hatt sine noverande stillingar også ved tidlegare høve, for så å ha forlatt klubben ein periode.

Og Jarle Flo, bror til Tore André og Jostein Flo, som også spelte for Sogndal, sit i dag i klubben sitt styre.

Rosar klubben for tilliten

– Vi må gi honnør til klubben som har tatt oss inn, så skal vi gjere alt vi kan for å utvikle klubben vidare. Eg trur vi går ei spennande tid i møte, seier Skjeldestad.

Etter helgas uavgjort kamp mot storebror Rosenborg trekkjer Skjeldestad ikkje minst fram kaptein Eirik Bakke sin innsats. Bakke som før sesongen vende heim etter år i England og Brann var endeleg tilbake frå skade.

Harald Aabrekk

HOVUDTRENAREN: Harald Aabrekk, som gir seg etter sesongen, har tidlegare både spelt for og trena Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Den kampen han gjorde gav oss ein ny dimensjon på midten, spesielt når vi har ballen, seier assistenttrenaren.

Halvorsen: – Kult

Skjeldestad har for alvor byrja å tru på eliteseriespel på Fosshaugane Campus også i 2012.

– Kvifor ikkje? No har vi fire poeng på dei to første kampane. Held vi fram slik står vi oppe. Vi skal jobbe knallhardt, seier den gamle målvakta.

Skal vi tru klubbens unge og noverande toppscorar, Ole Jørgen Halvorsen, gamlekarane si erfaring velkommen. Han har tru på 38 år gamle Tore André Flo.

– Eg synest det er kult, eg. Han er fit og bra i kroppen. Ein god spelar, fastslår Halvorsen.