Hopp til innhold

Frå nyttår vil du oftare møte på Utrykkingspolitiet langs vegane

Frå nyttår doblar Utrykkingspolitiet aktivitet langs vegane i Sogn og Fjordane. – Det er viktig for oss å få teke verstingane, seier politimeisteren.

UP har fartskontroll

KONTROLL: Frå neste år blir det fire polititenestemenn som skal jobbe med trafikk dagleg i Sogn og Fjordane. Det er ei dobling, noko politimeisteren håpar skal gje resultat.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I dag er dei ei UP-patrulje i Sogn og Fjordane, men frå 1. januar neste år blir det to. Det vil seie ei dobling, noko politimeister Johan Brekke håpar skal gje resultat.

– Trafikktryggleik er eit viktig fokus for oss i politiet. Når det no blir dobbelt så mange UP-patruljar håpar eg at folk tenkjer over dette og har fokus på at dei må oppføre seg på ein måte som er trygg både for seg sjølve og for andre, seier Brekke til NRK.no.

– Vi må ta dette på alvor

Det er ei såkalla lensmannspatrulje, som i fleire år har vore inaktiv, som no blir gjort om til ei eiga UP-patrulje i Sogn og Fjordane. Frå nyttår vil det bety at det til saman skal vere fire polititenestemenn som dagleg vil vere ute på vegane for å kontrollere at folk oppfører seg slik dei skal.

– Så langt i år har det vore sju dødsfall på vegane i fylket. Det er viktig at politiet er synlege, slik at vi kan førebyggje og drive kontrollar. Vi må få luka ut verstingane, til dømes dei som køyrer for fort, eller køyrer bil i rusa tilstand, seier Brekke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politimeister Johan Brekke
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Uroa over dødstal

Medan tre personar miste livet i trafikken i fylket i løpet av heile 2010, har det berre så langt i år omkome sju personar. Politimeisteren meiner det er sterkt beklageleg at dødstala utviklar seg i feil retning.

– Dette kan vere tilfeldig, men samtidig er det viktig at vi tek dette på alvor og prøvar å gjere noko. Fleire kontrollar gjer at det er større sjanse for at fleire blir tekne, seier Brekke.

Har kontrollert fleire

Han er samtidig godt nøgd med talet kontrollar som er utførte av lokalt politi langs vegane i Sogn og Fjordane. Desse kjem i tillegg til dei kontrollane som UP utfører.
Ved utgangen av oktober har dei kontrollert 18516 bilførarar, noko som er 2000 fleire enn det politiet hadde sett seg som mål til no.

– Eg er godt nøgd med dette. Vi er synlege på vegane og folk veit at det er ein risiko for at det blir tekne.