Hopp til innhold

Politimeisteren vil ha fleire tilsette - trur ikkje på krav om responstid

Politimeisteren i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, har ikkje tru på krav om responstid for politiet.

Politimeister Johan Brekke

FLEIRE TILSETTE: Politimeister Johan Brekke vil heller ha fleire tilsette enn krav til responstid for å sikre publikum at politiet er raskt på plassen når noko skjer.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Medan både ambulanse og brannmannskap har strenge krav på kor lang tid dei kan bruke før dei er på plass på eit oppdrag, finst det ikkje slike krav for politiet.

Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane meiner det går ut over publikum, og seier politiet som regel er dei siste som kjem til åstaden.

Fryktar feilprioritering

Men Brekke trur ikkje krav til responstid vil løyse noko. Han meiner i staden det må meir pengar og fleire tilsette til for å løyse dagens utfordringar.

Han viser til at Politidirektoratet har vurdert om ein skal innføre krav til responstid, men at konklusjonen på utgreiinga vart at ein ikkje burde det.

– Dette er mellom anna fordi ein med krav til responstid fort vil få ein situasjon der politiet prioriterer å rykkje ut til dei oppdraga dei rekk først, og ikkje dei som er mest alvorlege, seier Brekke til NRK.no.

Veit ikkje korleis responstida har utvikla seg

Krav til responstid er noko både brannvesenet og ambulansetenesta har. Til dømes er målet for ambulansetenesta at 90 prosent av befolkninga skal kunne nåast av ein ambulanse innan 30 minutt.

Ved dei aller mest akutte oppdraga er målet at ambulansen skal vere framme innan 12 minutt.

Men for politiet er det ikkje slik. Omorganiseringar til større vaktdistrikt og trong økonomi har prega politiet siste tida, likevel finst det heller ingen oversikt over korleis responstida har utvikla seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fanga innbrotsjuv i Florø

JAKTA TJUVEN: Ørjan Sundal og Eric Hauge måtte sjølv gripe inn då politiet let vente på seg i Florø i sommar.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Uhaldbart at politiet ikkje har liknande krav

Ørjan Sundal i Florø måtte i sommar sjølv pågripe ein innbrotstjuv. Då måtte dei vente i over ein time på å få hjelp frå politiet.

– Det er ikkje haldbart at vi må vente så lenge på ei hjelp som vi eigenleg burde fått med ein gong, seier Sundal.

For Ørjan Sundal i Florø verkar det svært underleg at politiet ikkje bør ha krav til responstid.

– Det er jo instansar som skal vere der når vi treng dei. Det er jo derfor vi har dei. Det burde vere same utrykkingstid på dei alle saman eigentleg, seier Sundal.

– Fleire tilsette vil sikre publikum best

Politimeister Johan Brekke seier dette dessverre vil kunne skje fleire gonger.

– Blir det for mange slike tilfelle blir det sjølvsagt eit tankekors for oss. Men med den politidekninga vi har i Sogn og Fjordane vil dette kunne skje frå tid til annan, seier Brekke.

I staden for krav til responstid meiner Brekke at meir pengar og fleire tilsette vil vere det beste for publikum.

– Eg trur politiet er ganske gode til å prioritere dei oppdraga som er mest alvorlege. Den beste garantien for å få ei skikkeleg responstid er å ha ei solid grunnbemanning. I vårt fylke er politidekninga veldig lav, så den beste garantien for at folk skal få kjapt hjelp er om vi hadde fått fleire politifolk, seier Brekke.

Stolar ikkje på prioriteringsevne

Heller ikkje seksjonssjef Knut Kværner i Politidirektoratet har tru på krav om responstid. Han stolar ikkje på at politifolk vil prioritere dei mest alvorlege oppdraga om dei også får krav til rask utrykking.

– Vi ønskjer ikkje eit målsystem som forstyrrar den prioriteringa politiet gjer. Ein skal ikkje ende opp med eit system der ein blir meir lykkeleg viss ein tek dei raske utrykkingane, i staden for dei som tek lengre tid, men som kanskje er meir alvorlege, seier Kværner til NRK.no.

Politidirektoratet er i tvil om politifolk vil greie å gjere rette vurderingar om dei får krav til responstid hengande over seg.

Vil ikkje gjere nye vurderingar

Knut Kværner, avdelingsdirektør i Politidirektoratet

VIL IKKJE HA KRAV: Knut Kværner i Politidirektoratet vil ikkje ha krav til responstid.

Foto: Halldor Asvall

Men fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane Kjetil Drange meiner det går ut over publikum at dei ikkje har eit slikt krav.

– Vi kjem ofte seint ut, som regel er vi siste eining på staden, fortel Drange.

Dette forstår ikkje Kværner at kan stemme.

– Dette forundrar meg. Det einaste eg kan tenkje meg som gyldig grunn til at dei ikkje er framme raskt, er at dei er opptekne med andre oppdrag.

Politidirektoratet hadde i 2008 ei analyse av responstida i fem ulike politidistrikt, men sidan då har det ikkje blitt gjort nye vurderingar.

– For oss er ikkje det så interessant. Det som er interessant for oss er at vi har den operative styrken ute blant publikum og at dei som før, prioriterer dei alvorlege sakene før dei som ikkje er så alvorlege.