Hopp til innhold

No går snittfarten ned og ikkje opp

Til stor glede for både politiet og Vegvesenet viser det seg no at det blir færre råkøyrarar i Sogn og Fjordane.

Bilist

FÆRRE RÅKØYRARAR: Medan UP meiner det er ganske sikkert at det vert færre råkøyrar, vil Vegvesenet ikkje konkludere med noko etter berre eitt år.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Statens vegvesen måler snittfarten ved fleire målepunkt langs vegane i fylket. Nye tal viser at farten går ned ved 14 av dei 22 målepunkta.

Distriktsleiar for Utrykkingspolitiet på Vestlandet meiner dette er svært gledeleg.

- Dette fortel meg at vi som bilistar er blitt flinkare til å halde fartsgrensene, seier Leon Nordanger til NRK.no.

- Det høyrest lite ut, men det er mykje

Leon Nordanger

NØGD: Leon Nordanger i Utrykkingspolitiet er svært glad for at snittfarten går ned, og ikkje opp.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fartsreduksjonen er registrert frå 2009 til 2010, og syner at snittfarten har gått ned med mellom ein og tre kilometer i timen ved over halvparten av målepunkta til Vegvesenet.

Det betyr at det er færre som køyrer svært fort.

- Ein reduksjon av snittfarten med ein til to kilometer i timen høyrest nok for dei fleste veldig lite ut. Men i praksis er dette ganske mykje, og difor er vi svært glade for det vi no opplever, seier Nordanger.

- Kan bety færre trafikkdrepne

I Statens vegvesen vil dei vere forsiktige med å trekkje endelege konklusjonar. Dei vil framleis ikkje seie noko sikkert om dette faktisk er eit resultat av at farten går ned, eller om det berre er tilfeldige variasjonar.

Men dersom snittfarten faktisk går ned, om så berre ein til to kilometer i snitt, så betyr det svært mykje for kor alvorlege eventuelle ulukker blir.

- Som ein tommelfingerregel kan du seie at dersom snittfarten vert redusert med til dømes ti prosent, vil det gi 40 prosent reduksjon i talet trafikkdrepne. Ein reduksjon på til dømes to kilometer i timen som vi ser i desse tilfella, vil kunne gje ein reduksjon i talet trafikkdrepne på ti prosent, seier Thorbjørn Thiem som er rådgjevar for trafikktryggleik i Vegvesenet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdalstunnelen

OPP: Det einaste målepunktet der snittfarten aukar er i Lærdalstunnelen på E16.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Men her går farten opp

I Utrykkingspolitiet meiner distriktssjefen at farten faktisk går ned og viser til at dei no kverrsett færre førarkort.

Det som derimot overraskar Nordanger er at det einaste målepunktet der snittfarten aukar er i Lærdalstunnelen. Det er ein av få stader med automatisk trafikkovervaking i Sogn og Fjordane.

- Dette forbausar meg litt, for eg hadde håpa at trenden vi ser i resten av fylket også skulle gjelde her. Men kanskje er dette fordi det er mykje folk utanbys frå som køyrer her, eg veit ikkje, undrar Nordanger.