Hopp til innhold

Meir enn halvparten droppa bilbelte

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Av 120 kontrollerte køyretøy fekk 67 bilbeltegebyr under ein kontroll i Førde sentrum laurdag føremiddag.

– Det er eit i overkant høgt tal, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen.

I løpet av ein fem timar lang kontroll på fleire stader i Førde sentrum, vart altså 120 bilar kontrollerte. Meir enn halvparten hadde tydelegvis gløymt å ha på bilbelte.

Droppar bilbelte i nærområdet

– Er dette eit teikn på at folk droppar bilbelte i 50-soner?

– Det er farleg å konkludere med det, men det kan sjå slik ut, sjølv om noko av kontrollen også truleg vart gjort i 60-soner, seier Eggen, og legg til at beltegebyret i dag truleg ligg på 1500 kroner.

Utrykkingspolitiet skreiv også ut 20 gebyr for bruk av handhelden mobil, samt at det vart skrive ut ein mangellapp for tekniske manglar.

Mobilgebyret er på 1300 kroner.

Kontrollerte rus i Sogndal

Laurdag ettermiddag vart det også gjennomført ruskontroll i Sogndal.

– Utrykkingspolitiet kontrollerte 241 køyretøy, og det vart skrive ut eitt vernegebyr, seier Eggen.

Vernegebyr betyr mangel på anten bilbelte eller hjelm.