Hopp til innhold

No blir rasutsette Leversund sikra

Medan politikarane i Flora vil forskottere midlar for å få sikra riksveg 5 ved Leversund, startar Statens vegvesen arbeidet med å lyse ut arbeidet.

Ras isolerer Florø

RAS: Leversund er eitt av fleire rasutsette punkt på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Samarbeidspartia Ap, Venstre, MDG, SV og Sp legg i sitt budsjettframlegg inn tre millionar for å få sikra raspunktet mellom Grov og Sundafjellstunnelen i Florø.

– Strekkja har fleire gonger isolert 9.000 innbyggjarar og eit næringsliv som til dagen køyrer 12 vogntog med fersk laks ut av Florø. Vi kan ikkje leve med ei vegstrekkje som er så pass avgrensa og set innbyggjarane våre i nærast dagleg fare, seier ordførar Ola Teigen (Ap).

Over nyttår

Ola Teigen

FORUNDRA: Ordførar Ola Teigen i Flora er forundra over at verken Leversundet eller Skredvika i Naustdal har kome høgt nok opp på rasikringslista til å bli gjort noko med.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fredag skjedde det igjen. Eit steinras sperra hovudfartsåra mellom sunnfjordbyane Førde og Florø . Til alt hell vart ingen skadde. Til vegen opna att etter kring eitt døgn, var sjøvegen einaste måte å ta seg forbi rasstaden.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, er glad for initiativet frå Florø. Han seier sikringsarbeidet er lite, kostnadsrekna til kring tre millionar kroner.

– Dette punktet har høg skredfaktor, og eit punkt som har høg prioritet å få utført. Vi har i dag starta arbeidet med å få utarbeidd naudsynte planer og konkurransegrunnlag så vi får lyst det ut over nyttår, seier Finden.

– Godt nytt

Svenn Egil Finden

STARTAR: Uavhengig av løyving frå Flora kommune, startar Statens vegvesen arbeidet med å få sikra Leversund. – Vi starta allereie i dag arbeidet med å utarbeide naudsynte planar og konkurransegrunnlag slik at vi får lyst det ut med det same, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Avdelingsdirektøren legg til at Statens vegvesen må omdisponere midlar for å gjennomføre arbeidet. Han håpar at mykje blir gjort i løpet av vinteren og tidleg på våren.

– Dette er eit lite tiltak, med bolting, reinsking og eit nett som må på plass. Vi set hardt trykk på dette no, seier Finden.

– Dette er strålande. Vi har etterlyst tiltak fleire gonger i år, og hadde håpa at noko skulle skje før. Men at vegvesenet snur seg rundt no er godt nytt for Florø-samfunnet, svarar Teigen.

Ber for Skredvika

Ordføraren i Florø legg til at han er oppteken av at heile vegstrekkja mellom Førde og Florø vert sikra. Også Skredvika i Naustdal er svært utsett. Heller ikkje her er det omkøyringsveg.

Medan Leversund er rekna for det sjuande mest risikoutsette raspunktet på Vestlandet, er Skredvika på femteplass. Teigen er overraska over at strekkja ikkje har kome med i Nasjonal Transportplan.

– Eg håpar politikarar snart løyver dei naudsynte midlane for å få sikra Skredvika i Naustdalsstranda. Det har vore eit raspunkt sidan tidleg på 80-talet, seier han.

– Kritisk å halde ope

I første omgang er det Leversundet mellom Grov og Sundafjellstunnelen Teigen er oppteken av.

– Vi har jobba med dette, og vil følgje det opp for å syte for at rassikringa kjem. Her køyrer 4.000 bilistar dagleg. Det er hovudveg for næringslivet og det er mange kritisk sjukehuspersonell i Florø som jobbar ved sjukehuset i Førde, seier han.

– For tryggleiken i Sogn og Fjordane er det viktig å ha vegen open, avsluttar Teigen.