Vegen mellom Førde og Florø
då det tidlegare i veka . Kjell Magne Kvalheim kom då til staden ein halvtime etter raset.I 12.20-tida fredag fekk han steinen rett i framhjulet då det på nytt kom ned stein ved Leversundet. Vegen var rydda og opna att klokka 1325.
- LES OGSÅ:
– Eg hadde akkurat passert rasstaden då det small i bilen. Dekket er heilt skvisa opp og felgen øydelagd. Nokre sekund tidlegare, så hadde eg fått besøk i bilen, seier han.
15–20 kilo
FLERRE: Steinen trefte framdekket til Kjell Magne Kvalheim.
Foto: Roger BarekstenVegen vart onsdag ettermiddag opna etter raset som tysdag kveld. Då var fjellsida reinska og vegen rekna som trygg.
Kvalheim fortel at steinen som trefte han var 10–15 kilo tung. I tillegg kom det ned fleire mindre steinar.
– Den var stor nok til å ta knekken både på meg og andre.
– Kva tenkte du då det small i hjulet?
– Det tør eg ikkje seie her. Då eg oppdaga kva det var, så tenkte eg at «her har det rasa. Kom deg vidare». Så eg køyrde på felgen til busslomma.
– Korleis er kjensla no?
– Eg er skjelven, men uskadd.
Nekta å stogge
SPERRA: Det vart etter kvart sett opp sperre på begge sider av rasstaden.
Foto: NRK.no-tipsarVegen var opna att etter kring tre kvarter. Dei første bilistane på staden vart oppmoda av politiet om å stogge all trafikk til dei var komne på staden.
– Men bilistane høyrde ikkje på oss. Det var skremmande å sjå folk kike forbi. Til og med motorsyklar, seier Kvalheim.
– Det forundrar meg veldig. Når til og med køyreskulebilar køyrer forbi, så blir eg paff, legg han til.
– Veldig uheldig
Geolog stadfesta etter kort tid at vegen kunne opnast att. Operasjonsleiar Inge Værøy hos Sogn og Fjordane politidistrikt tykkjer det er uheldig at bilistar ignorerte beskjeden om å stogge.
STENGT: Etter ei ny vurdering vart vegen ved Leversundet etter kort tid opna for trafikk att fredag ettermiddag.
Foto: Roger BarekstenHan seier meldar og andre bilistar vart bedne om å stogge trafikken for å sikre staden til situasjonen var avklara.
– At andre bilistar ikkje overheld teiknet om å stogge frå trafikantar, som er bedne av oss om å gjere den jobben, ser vi på som veldig uheldig, seier Værøy.
– Kva kan skje?
– Vi er jo ikkje sikre på om det kjem ned meir stein, og dersom det gjer det og bilistar er inne i eit området dei ikkje skal vere, så kan det få veldig uheldig konsekvensar.