Systrene Margit Skinlo (92) og Signe Skinlo (93) har budd store delar av livet på garden Føllesdal på Stårheim i Eid, like ved fjellet Naustdalkamben. Då den nye dagsturhytta der skulle opnast førre laurdag, blei det ein dag av dei sjeldne for dei to.
– Vi høyrde rykte om det tidleg, men trudde ikkje på det, seier Margit om helikopterturen og det ærefulle oppdraget.
– Betyr mykje
Naustdalkamben er eit fjell som betyr mykje for dei to.
– Der gjekk vi på tur frå vi var så store at vi kunne gå opp i marka. Det er ein veldig fin tur, og så var det så fint å sitje på toppen og sjå utsikta til alle kantar, vi ser fjelltoppar bortanfor og fjorden nedanfor. Det gir sånn ro, seier Signe.
Det er nokre år sidan systera Margit var på fjellet sist.
– Kva tenkte du då du kom ned att sist?
– Det var vemodig. For eg innsåg at no kunne eg ikkje å gå på Kamben lenger. Eg var for gamal, rett og slett.
Begynte som ein spøk
Men det skulle ikkje bli siste turen til Naustdalkamben. At dei to systrene fekk helikopterturen til toppen begynte som ein spøk då Kristian Orheim skulle samle inn
underskrifter frå grunneigarar i området i samband med opprusting av turstien. Så blei det alvor.
– Dei byrja å snakke om kor kjekt det hadde vore å kome seg opp på Kamben igjen. På impuls sa eg at viss de skriv under skal vi fly dykk opp med helikopter, og så får de opne hytta, fortel Orheim.
Eit Facebook-innlegg fekk fart på spøken. Pengar til å finansiere helikopterturen strøymde raskt inn.
– Rørande
Og på ein strålande sommardag, ikledd kvar sin flotte Nordfjordbunad opna dei to dagsturhytta førre helg. Initiativtakar Orheim synest det var rørande å oppleve.
– Dei har hatt ei oppleving for livet, trur eg, seier han.
Og dei to systrene verkar samde i det.
– Eg var litt skeptisk til å begynne med, for eg har jo ikkje vore oppe i noko flygande før. Det er ei fin oppleving å få kome opp att her, seier Margit.
Også Signe var nøgd etter å ha opna dagsturhytta på toppen.
– Det er ei utruleg fin oppleving å få kome opp at på Kamben, hit vi gjekk så mykje då vi var yngre, seier ho. Veldig kjekt!