NRK Meny
Normal

Nettbrett skal gje pasientar betre behandling

No skal pasientar innan psykisk helse kunne påverke si eiga behandling ved hjelp av spørjeskjema og nettbrett.

Runar Tengel Hovland og Christian Moltu

FORSKAR: Runar Tengel Hovland og Christian Moltu trur forskingsprosjektet vil føre til at behandlingstida i psykisk helsevern går ned.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Gjennom eit forskingsprosjekt i regi av Helse Førde vert det arbeidd med å utforme og lage eigne rapportar slik at pasientar i psykisk helsevern skal få betre hjelp.

Det har lenge vore slik at terapeutar skal vite kva pasientar treng, men det har ikkje vore eit system før. No lagar vi dette systemet, fortel Christian Moltu som er fagsjef og psykologspesialist i Helse Førde.

Kostar ti millionar

Prehospitalt bygg, Helse Førde

SKAL SVARE: Eit nettbrett med spørsmål skal gje pasientar betre hjelp og behandling. Helse Førde eig prosjektet og samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han er ansvarleg for forskingsarbeidet som det er sett av ti millionar kroner til.

Helseføretaket samarbeider med Helse Vest og Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette.

– Dette er viktig arbeid for pasientane. Dei skal kunne få betre hjelp raskt, og dermed kjenne , fortel Moltu.

Metoden er enkel. Når ein pasient kjem til time får han eller ho eit nettbrett med eit sett av spørsmål dei svarar på. Når pasienten har logga seg på, dukkar det opp eit personleg sett med spørsmål.

Svara vert hugsa av systemet, og dermed kan pasienten få meir konkrete spørsmål retta til seg sjølv og bli fylgt opp på den måten.

Skal få ned behandlingstida

– Vi samarbeider med folk i USA, Oslo, Bergen og fagfolk i Helse Førde. Og det er fleire sengepostar, poliklinikkar og tilsette som er involverte i arbeidet.

Kan denne forskinga få ned behandlingstida?

Ja, dette vil føre til ein betre effekt av arbeidet, og det vil igjen vil føre til at pasientane får meir verksam behandling, seier fagsjefen.

Doktorgradsstipendiat Runar Tengel Hovland er ein av dei som skal jobbe konkret med prosjektet. Han skal følgje opp brukarane for å finne ut korleis metoden fungerer i praksis.

Vil vurdere kvarandre

Christian Moltu

SJEFEN: Christian Moltu, fagsjef og psykologspesialist i Helse Førde, er ansvarleg for forskinga.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Brukarane av systemet er både pasientar og tilsette. Og det vil kome vurderingar som tilsette må følgje opp frå pasientar. Det vert ei vurdering av arbeidet som vert gjort i psykisk helsevern til det beste for pasientane, seier Hovland.

Det er Helse Førde som eig prosjektet, og det er viktig meiner han.

– At det vert satsa på forsking vil også gjere helseføretaket meir attraktivt for fagfolk og det er viktig å produsere eigen forsking, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.