Hopp til innhold

Ho er uroa over kutta i barne- og ungdomspsykiatrien

Dei føreslåtte kutta innan psykiatrien i Helse Førde vil føre til sentralisering og dårlegare tilbod til kommunar med stor avstand til klinikkane, meiner tillitsvald.

Gunn Karoline Fugle fryktar kutt i psykiatrien
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Helse Førde må spare pengar og kuttar i alle budsjett. Mellom anna går det ut over psykiatritenestene til barn og unge. Det har skapt sterke reaksjonar frå dei tilsette, som vil få mindre pengar å rutte med i reisekassa.

– Dei som bur langt frå poliklinikkane vil få eit dårlegare tilbod enn dei som bur nær, seier foretakstillitsvald Gunn Karoline Fugle ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Førde.

Kjem på toppen av tidlegare kutt

Som NRK har fortalt tidlegare er det foreslått millionkutt og kutt i tal tilsette ved BUP når Helse Førde sitt budsjett skal handsamast i desember.

Dette kjem i tillegg til store innsparingar som BUP har gjennomført dei siste åra. Alt då vart reiseaktiviteten ut til kommunane redusert. No kan det bli heilt slutt, seier Fugle.

– Skal vi skjere ytterlegare no, vil det bli veldig vanskeleg, seier ho.

Fugle trur dei vil skuffe samarbeidspartnarane ved å ikkje vere til stades, og at kutta går ut over dei yngste.

– I samfunnet vårt er det diverre slik barn ofte ikkje har pressgrupper, spesielt i vår sektor. For framleis kan det vere skamfullt for foreldre, som kan tru at det er deira feil at ting er vanskeleg, seier ho.

Har nådd smertegrensa

I styremøtet i Helse Førde sist veke orienterte Trond Aarre ved den psykiatriske klinikken i Nordfjord om situasjonen i psykiatrien i fylket. Han meinte at kutta til no hadde gått greitt, men at ein no har kome til ei grense.

Trond Aarre

VIL HA KUTTSTOPP: Trond Aarre, overlege i Nordfjord psykiatrisenter, meiner at smertegrensa for kutt i psykiatrien er nådd.

Foto: Helse Førde

– Eg at kommunane skal ha veldig mykje av æra for at det går så bra som det gjer. Der synst eg vi ser ei kraftig oppbygging av tiltaka og ei forplikting til å ta vare på dei som treng hjelp. I tillegg har psykisk helsevern vore villig til å forlate kontora og drive aktivt samarbeid med dei kommunale tenesteytarane, seier han.

Klinikkdirektør Ole Christian Reusch i Helse Førde deler uroa til dei tillitsvalde for at reiseaktiviteten ut i kommunane no blir borte.

– Det er klart, for det er ein kvalitet at våre spesialistar kan reise ut i kommunane der pasientane og pårørande bur. Det er ein fare for at dei minst ressurssterke vil vegre seg for å reise. Det er litt av det som ligg i risikovurderingane våre, å vere merksame våre på problemet og sjå på kva vi kan gjere for at risikoen ikkje trer i kraft, seier han

Jobbar for å redusere skadane

Reusch seier innsparingane i Helse Førde kjem i heile psykiatrisektoren og er oppteken av tiltak som kan dempe mogeleg skadeverknader.

– Det er ein del opplegg for behandling på nett, også for ungdom som er veldig digitaliserte. Vi må sjå om det er mogleg for oss å utnytte dette, og spare nokon ressursar for å kunne oppretthalde ambulanseverksemda, seier han.

Gunn Karoline Fugle kjøper ikkje denne argumentasjonen.

– Videomøte og telefonmøte har ikkje same betydning i saker der kanskje foreldre opplever store utfordringar, det kan vere konfliktar på ulike nivå, så vi trur at det vil bety mindre samhandling med dei som bur lengst vekke viss det blir ytterlegare kutt no, seier ho.

Ole Christian Reusch

VURDERER RISIKOEN: Klinikkdirektør Ole Christian Reusch i Helse Førde forstår uroa over at reiseaktiviteten ut i kommunane no kan bli borte.

Foto: Steinar Lote / NRK

Styret i Helse Førde skal vedta budsjettet i desember. Sjølv om Reusch ser at kutta er urovekkande, meiner han at tilbodet framleis vil vere forsvarleg også etter at kutta blir gjennomførte.

– Eg kunne ikkje foreslå eit budsjett for 2015 viss eg ikkje meinte at det var fullt ut forsvarleg å drive det vidare utan vesentlege kvalitetsreduksjonar. Men vi må jobbe for å redusere dei moglege skadeverknadane, seier han.