Hopp til innhold

Nesten 2000 overnattingar på Skålabu

Rekordmange har overnatta på Skåla i år. Veldig bra for heile næringslivet i kommunen meiner varaordføraren.

Skålabu

REKORD: Talet på overnattingar på Skåla har dobla seg frå i fjor.

Foto: Ole Dag Auflem

– Det har vore ein fantastisk sesong på Skåla og Skålabu. Vi er utruleg glade for at så mange har tatt turen opp og fått seg fine naturopplevingar, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

Helene Ødven

NØGD: Dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven er strålande nøgd med besøkstala på nye Skålabu.

Foto: Andre Marton Pedersen

Så langt i 2017 har nær 2000 personar overnatta på den nybygde turisthytta. Det er meir enn ei dobling ifrå talet på folk som overnatta på Skåla i fjor. I tillegg kjem alle dei som er på dagsbesøk. Ødven er svært godt nøgd med mottakinga som den nye hytta har fått etter at den opna for allmenn bruk i oktober i fjor.

– Det var allereie tidleg på året mage som gjekk opp til hytta på ski og fekk fantastiske opplevingar på ei heilt ny turisthytte som ligg over 1800 meter over havet, seier Ødven.

Tidenes sesong

Like ved parkeringa der folk går opp til Skåla ligg Tjugen Camping som Knut Tjugen har drive saman med kona sidan 1973. Både frå huset sitt og frå campingplassen har dei god oversikt over parkeringsplassen til Skåla.

Knut Tjugen

GLAD: Knut Tjugen driv Tjugen Camping ved foten av Skåla. Dei har aldri hatt ein betre sesong enn i år.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi ser at det har vore stor trafikk i sommar, seier Tjugen.

Han meiner at den store satsinga som har vore i kommunen, med Loen Skylift, Via Ferrata og nye Skålabu er svært viktig for kommunen. Og på campingplassen har dei aldri har hatt ein betre sesong enn i år.

– Vi hadde ein bra sesong i fjor, men i år har det vore tidenes sesong. Berre i juli i år hadde vi like mange besøkande som vi hadde i juni og juli til saman i fjor, seier Tjugen.

Opnar for bestillingar på nett

Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag, fortel at stadig fleire har tatt turen opp til hytta i løpet av året, og ho trur at betre komfort lokkar mange.

– Det er noko heilt anna å overnatte i Skålabu enn i det gamle Skålatårnet. Det er til dømes fort gjort å varme opp i Skålabu, seier Ødven.

Og for å få betre orden på kven som skal få ligge i ei seng og kven som må ta til takke med å ligge på ei madrass, vil dei no starte med hyttebooking på nett slik at folk kan bestille overnatting på Skåla før dei kjem fram til Skålabu.

– Det har til tider vore veldig mykje folk der oppe. Nokre dagar har det overnatta meir enn dobbelt så mange folk som vi har sengeplassar til på Skåla. Med eit bookingsystem på nett vil det forhåpentlegvis bli meir oversiktleg for folk når dei kjem fram, seier Ødven.

Skålabu

LUFTIG: Nye Skålabu byr meir komfort enn ei overnattinga på det gamle Skålatårnet.

Løner seg å satse

Varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim er svært glad for at turistnæringa i Stryn gjer det så godt om dagen og meiner det løner seg å satse stort.

Torstein Tvinnereim

DREG VEKSLAR: Varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, meiner dei store satsingane på turisme i Loen dreg vekslar på kvarandre.

Foto: Stryn Venstre

– Det viser seg at når vi har folk som vågar å satse, så er det bra for både turistnæringa og for næringslivet totalt sett, seier Tvinnereim.

Turistforeningsleiar Ødven trur ikkje talet på besøkande på Skåla kjem til å gå nedover i tida framover.

– Dette er berre byrjinga. Eg trur at det kjem til å auke på med besøkande i tida som kjem, seier ho.

  • LES OGSÅ: