Hopp til innhold

Nektar å godta nei til basehoppforbod

– Situasjonen med basehopping i Aurland er ikkje forsvarleg, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

Noralv Distad i Gudvangen

–EKSTREM RISIKO: Ordførar Noralv Distad vil ikkje slå seg til ro med basehoppinga i Aurland.

Foto: NRK

Etter at ein basehoppar nyleg døydde i Gudvangen og ein annan vart alvorleg skadd i Flåm, har Aurland kommune opplevd seks dødsulukker med basehopping sidan 2013. Ordførar Distad tar no nok ein gong til orde for å forby sporten.

– Eg kan ikkje sitje stille og sjå på at det skjer ulukker som er belastande for lokalsamfunnet. Det er også veldig trist for dei som blir ramma, og for venner og familie, seier han.

Har hatt møte med politiet

Ordføraren har hatt eit møte med politiet, der dei har jobba med å få oversikt over omfanget og risikoen med sporten i kommunen.

– Det er mange stadar i Aurland der ein driv med basehopping. Vi har sett på redningsaksjonane, og oppfølging og etterforsking. Det er veldig krevjande for alle, seier han.

Basehopp ved Gudvangen

PÅ BAKKEN: Det gjekk bra denne gongen, i 2013.

Foto: Olav Standal Tangen

No vil han legge det fram for justis- og beredskapsdepartementet, i håp om at dei vil bli overtydde. Distad prøvde i 2013 å forby basehopping i Aurland kommune, men nådde ikkje fram hos departementet.

– Som ordførar i Aurland kan eg ikkje la vere å prøve få dei til å vurderte tiltak. Eg ser det som plikta mi å løfte denne problemstillinga til nasjonale styresmakter.

Forbod er ikkje populært

Verken Luftambulansen eller ordførar Lars Olav Hustad i Rauma kommune meiner eit forbod er ein god idé. Visepresident Dan Halvorsen i den internasjonale kommisjonen for alpin redningsteneste, trur eit forbod vil gjere det vanskelegare for hjelpemannskapa å få informasjon og gode meldingar.

Røyksky etter ras

STUPBRATT: På Fjellet Trollveggen i Romsdalen bryt mange basehopparar forbodet kvart år.

Foto: Lars Kavli

Fjellet Trollveggen ligg i Rauma kommune, og sjølv om det er forbode å basehoppe her, trassar hundrevis forbodet kvart år.

Kvifor trur du eit forbod er lurt?

– Det er paradoksalt at vi har eit samfunn som er veldig opptatt av tryggleik, både når det gjeld bil, motorsport og ferdsel på fjord, samtidig som ein slik sport er heilt utan reguleringar. Eg ynskjer at det blir debatt om dette, og aller helst ynskjer eg at sporten blir regulert.

Han fortel at han får tilbakemeldingar både frå folk som er einige med han, og frå folk som ikkje deler same syn.

– Det er heilt naturleg.

Restriksjonar kan vere ei mellomløysing

– Loven om forbod mot fallskjermhopping opnar for forbod mot fallskjermhopping frå avgrensa fjellområde, dersom det er fare for liv og helse. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for det i Aurland, men eg håpar dei endrar syn på det no.

Basehopp fra Helsetkopen på Hellesylt

LUFTIG: Basehopp frå Helsetkopen på Hellesylt.

Foto: Arnfinn Tønnesen

Sjølv om ordføraren helst ynskjer seg eit forbod, opnar han for at ein kan vurdere dei enkelte plassane i kommunen, i tilfelle nokre av dei er tryggare enn andre.

– Krav om rett utstyr og opplæring kan óg vere eit alternativ, seier han.