Hopp til innhold

Fryktar fleire ulukker i vekene som kjem

Sidan 2013 har seks personar mista livet i luftsportsulukker i Aurland. Hjelpemannskapa i Røde Kors er budde på fleire alvorlege ulukker i sommar.

Luftambulansen heisar ned helsepersonell i samband med basehoppulukka i Flåm i Aurland 28. juni 2017

ALVORLEG SKADD: Luftambulansen vart send til Flåm i går kveld, og heisa ned helsepersonell til den skadde basehopparen i Brekkeberget. Mannen vart seinare løfta ut frå området med eit redningshelikopter.

Foto: Arne Veum

– Det er stort sett vanleg at det skjer ulukker med basehopparar om sommaren, så vi er førebudde på det, seier Steinar Grønsberg som er leiar for Aurland Røde Korps Hjelpekorps.

Med sine stupbratte fjell er Aurland ein populær kommune for dei som driv med luftsport. Det har vore fleire alvorlege ulukker, også dødsulukker dei siste åra.

I går kveld miste ein utanlandsk statsborgar livet etter ei basehoppulukke i Nærøydalen, medan ein annan mann ligg på Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader etter å ha treft ei fjellside i Flåm.

– Ein kan ikkje førebu seg

Steinar Grønsberg

MÅ OFTE RYKKE UT: Det lokale hjelpekorpset vart ikkje kalla ut etter ulukkene i går, men i dei aller fleste luftsportsulukkene i Aurland har dei vore ein viktig bidragsytar i aksjonane. Det seier Steinar Grønsberg, leiar i Aurland Røde Korps Hjelpekorps.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Grønsberg har sjølv vore aktiv i Røde Kors i ei årrekkje. Fleire gonger har han vore med på aksjonar der mannskap frå hjelpekorpset har funne hardt skadde og omkomne luftsportsutøvarar i fjellsidene i Aurland.

– Det går inn på ein. Men eg har vore med i så mange år at eg på eit vis har lært meg å distansere meg frå det, seier Grønsberg og held fram:

– Men for dei nye som er med er det ikkje enkelt. Eg trur ikkje ein kan førebu seg på noko slikt, men vi har gode diskusjonar på veg ut til ulukkene og i etterkant. Vi må bu oss på det verste.

Har ønskt seg forbod

Etter tre dødsulukker på halvannan månad sommaren 2013 ville innbyggjarane i Aurland og ordføraren forby basehopping. Ordførar Noralv Distad bad Justis- og beredskapsdepartementet avklare om dei kunne forby basehopping, men svaret var då nei.

Noralv Distad på kontoret sitt

KREVJANDE FOR KOMMUNEN: – Det er veldig krevjande for heile kommunen. Det rører ved oss alle, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Grønsberg trur eit forbod heilt klart hadde redusert risikoen for ulukker, men trur dei som driv med sporten ville flytta seg til andre område.

Etter dei to ulukkene i går vil Distad vurdere om dei må ta opp att saka på nytt.

– Vi må sjå nøye på desse ulukkene, og kva som faktisk har skjedd. Etterpå må vi vurdere om det gir grunnlag for å ta saka opp att.

– Er det noko kommunen kan gjere for å gjere det mindre attraktivt å hoppe i fjella i Aurland?

– Folk gjer dette på eige initiativ, så det er ikkje så mykje kommunen kan gjere så lenge vi ikkje har heimel til å gripe inn. Vi ser at det er ein høg risiko, med mange ulukker. Så dette er ein veldig vanskeleg situasjon for oss.

Denne veka blir Ekstremsportveko arrangert på Voss. Det er ukjent om hopparane som var involvert i ulukkene også har delteke på Voss. Hoppinga i Flåm og Aurland i går kveld var uansett i privat regi, opplyser dagleg leiar Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko.

Basehopparulukke i Gudvangen

DØDSULUKKE: Ein utanlandsk mann omkom etter eit basehopp ved Skjerpi i Nærøydalen i Aurland kommune onsdag kveld.

Foto: Arne Veum