Hopp til innhold

Kan gjere redningsarbeidet endå vanskelegare

Erfaringar frå både Norge og utlandet viset at eit forbod mot basehopping kan verke mot si hensikt.

Basehopping Gudvangen

BASEHOPPING: Dei stupbratte fjella i Aurland kommune har i årevis vore populære blant luftsportsutøvarar. Biletet er frå basehopping i Gudvangen.

Foto: Gunnar Bøthun / NRK

Etter at ein basehoppar onsdag kveld mista livet i ei ulukke i Gudvangen i Aurland, har spørsmålet om eit forbod mot aktiviteten igjen blitt tema for ordførar Noralv Distad. Dødsulukka denne veka er den sjette i kommunen sidan 2013.

Men erfaringane frå stader der ein har innført forbod mot basehopping, viser at det ikkje er vegen å gå. Det seier Dan Halvorsen som er visepresident i IKAR, den internasjonale kommisjonen for alpin redningsteneste.

– Det er umogleg å overvake eit forbod, og ein har også sett at eit forbod ikkje stoppar aktiviteten.

– Kan komplisere redningsaksjonen

Dan Halvorsen

TRUR IKKJE PÅ FORBOD: Dan Halvorsen i Luftambulansetjenesten HF seier erfaringar frå både Norge og utlandet viser at eit forbod mot basehopping ikkje nødvendigvis fører til færre ulukker.

Foto: Privat

Gjennom vervet i IKAR har Halvorsen vore engasjert i problematikken i årevis. Han er også redningsteknisk rådgjevar for Luftambulansetjenesten HF, dei som driv all luftambulanseflyging i Norge.

Kort tid etter dødsulukka i Gudvangen, gjekk ein annan basehoppar i bakken i Flåm. Her måtte luftambulansen heise ned helsepersonell til den skadde.

Halvorsen seier redningsoppdrag etter basehoppulukker ikkje er farlegare enn andre oppdrag for luftambulansen. I alle oppdrag kjem mannskapet sin eigen tryggleik først.

Å forby denne typen aktiviteten vil derimot kunne komplisere arbeidet for redningstenesta.

– Det kan føre til at aktiviteten i staden blir gjort til tider på døgnet der det er dårlegare forhold. Om noko skulle skje er det vanskeleg for redningstenesta å få gode meldingar og god informasjon om skadeomfanget, seier han.

Minnesmerke Trollveggen

FORBOD SIDAN 1986: Etter fleire dødsfall og vanskelege redningsaksjonar var det i 1986 innført hoppeforbod i Trollveggen i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Trassar forbodet

I over 30 år har det vore forbod mot basehopping i Trollveggen i Romsdalen. Likevel blir det gjort hundrevis av hopp herifrå årleg. Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad, har lenge meint at tida er moden for å oppheve hoppforbodet.

Lars Olav Hustad

VIL OPPHEVE FORBODET: Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma, meiner tida er moden for å oppheve forbodet mot basehopping i Trollveggen.

Foto: Sara Lovise Roaldset

– Vi opplever at forbodet i Trollveggen har liten verdi i og med at politiet ikkje prioriterer å kontrollere området.

Etter to nye ulukker i Aurland, forstår Hustad at ordførarkollega Distad igjen ønskar å sjå på moglegheitene for å legge inn restriksjonar. Men:

– Eg trur dei som vil hoppe, hoppar uansett. Vi må prøve å få til eit godt samarbeid med miljøet, seier Hustad.

Trur på haldningsarbeid

Halvorsen i IKAR trur basehopparar, som alle andre som nyttar den norske naturen, må ha fokus på å velje turar etter evne.

– Ein løyser ikkje dette ved eit forbod. Eg trur dette går på haldningar. Vi er eit fantastisk land for å drive all type ekstremsport, og då vil det vere ein del av det at vi får ulukker knytt til denne aktiviteten.

Etter dødsulukka i Gudvangen onsdag kveld, sette basehoppmiljøet sjølv i gang ei intern gransking for å finne ut kva som skjedde. Basehoppar Tom Erik Heimen vart sjølv vitne til at kompisen døydde.

– Med ein gong ulukka var eit faktum, sjekka vi utstyr og omstenda rundt det. Vi deler informasjon når vi snakkar med folk både her og i utlandet, når vi prøver å finne ut kva som førte til ulukka, seier han til NRK.