Hopp til innhold

Nektar behandling i Førde

Nils Sætren nektar å reise til sentralsjukehuset i Førde. Det er han ikkje åleine om.

Volda Sjukehus

VOLDA: Nils Sætren nektar å reise til sentralsjukehuset i Førde. Han og fleire andre nordfjordingar reiser over fjorden til Volda i staden. Overlege Gunnar Dagslott til høgre.

Foto: Bård Siem / NRK

For stadig fleire nordfjordingar seier nei til sjukehuset i Førde og reiser i staden til Volda.

Reiser over fjorden

Nils Sætren, tidlegare Selje-ordførar, er for tida er han innlagt ved sjukehuset i Volda. Statistikk frå sjukehuset i Volda stadfestar at fleire nordfjordingar reiser over fjorden til sjukehuset i Volda.

Nils Sætren

DOLKA I RYGGEN: Sætren meiner Helse Førde dolkar nordfjordaingane i ryggen.

Dersom ortopedien i Førde blir lagt ned, vil endå fleire velge Volda, trur Sætren.

– Sjølv om ein må betale meir, så vil eg heller til Volda.

– Så du kjem ikkje til å reise til sjukehuset i Førde?

– Nei, då må eg bli tvinga dit.

Føler seg dolka i ryggen

Den tidlegare fylkespolitikaren og ordføraren i Selje var ein av dei som på 1970-talet røysta for å opprette sjukehuset i Førde. No er han svært skuffa over leiinga i Helse Førde.

– Styret i Helse Førde gjer det stikk motsette av det som vi gjekk inn for. Dei skal huske på at det var eit bittelite fleirtal som gjekk inn for sentralsjukeshus i Førde, og fleirtalet var vi fire ordførarar frå nordfjord som utgjorde, seier Sætren.

– Så de føler dykk dolka i ryggen?

– Ja, så absolutt!

Video nsps_upload_2009_12_7_18_39_38_861.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.