Hopp til innhold

Fleire blir behandla i Volda

Fleire ønskjer å bli behandla i Volda, dersom ortopeditilbodet ved Nordfjord Sjukehus blir lagt ned, meiner overlege.

Volda sjukehus

VOLDA: Det har vore ein aukande straum av pasientar til sjukehuset i Volda frå andre sida av fylkesgrensa.

Foto: Helse Sunnmøre

Gunnar Dagslott, overlege ved ortopedisk avdeling i Volda, har sett ein aukande straum av pasientar til sjukehuset i Volda frå andre sida av fylkesgrensa.

– Det som skjer i Nordfjord er ikkje eit uttrykk for at Helse Førde prioriterer behovet for pasientbehandling for nordlege delar av fylket, seier Dagslott som har fulgt utviklinga frå andre sida av fjorden.

Fleire til Volda

Overlegen seier det er tydeleg at Helse Førde ikkje prioriterer Nordfjord sjukehus.

Stadig fleire nordfjordingar har valt behandling i Volda, spesielt etter at tilbodet innan urologi vart lagt ned på Nordfjordeid. Om også ortopedien vert lagt ned ved Nordfjord Sjukehus ventar Dagslott endå fleire besøk til sengane i Volda.

– Dersom Helse Førde har planar om å byggje ned ortopeditilbodet ved Nordfjord Sjukehus, vil det medføre at fleire ønskjer å bli behandla i Volda, seier Dagslott.

Ikkje samd

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, er ikkje einig i kritikken frå Dagslott og vil ikkje bruke den auka pasientstraumen ut av fylket som eit argument for å behalde ortopedien i Nordfjord.

Ho meiner sjukehuset i Nordfjord er svært velfungerande, og ho trur den auka pasientstraumen Volda opplever, har andre grunnar.

– Dersom det er tenester som vi sjølve kunne gitt, så beklagar eg det. Men visst det er slik at pasienten reiser ut av fylket fordi dei skal ha tenester som vi ikkje kan gje, så har eg forståing for det, seier Øberg.

Det er den 16. desember at styret i Helse Førde skal avgjere om det er den ortopediske avdelinga på Nordfjordeid eller Lærdal som blir nadlagt.