Slik såg fjellovergangen ut tysdag morgon

Snøfall stengjer Nord-Europas høgaste fjellovergang.

Sognefjellshytta 3. september 2019

TIDLEG VINTER: Klokka 09:00 reknar Statens vegvesen med å kunne opne Sognefjellet i gjen.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– Vi har ikkje hatt målingar på kor mange centimeter, men ut frå kamera ser det ut til å vere djupe hjulspor i vegen, seier trafikkoperatør Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Snøen har lava ned over Sognefjellet i løpet av natta.

Tysdag morgon var forholda så krevjande at Vegtrafikksentralen ikkje vil ha trafikk opp på fjellovergangen mellom Skjolden og Lom.

– Sidan det er få som køyrer med vinterdekk på denne tida, og at det er null sikt, så har vi vald å stengje fjellet inntil vidare, seier Tysse.

Klokka 08:25: Statens vegvesen melder at det er venta at Sognefjellet opnar for trafikk igjen klokka 09:00.

Det er ikkje det tidlegaste på hausten at snøen har lagt seg på Sognefjellet. I fjor, til dømes, var ikkje august ferdig då gjestene ved Sognefjellshytta vakna opp til snø .

Ikkje uvanleg

Sjølv om det kan opplevast tidleg at Sognefjellet er stengd 3. september på grunn av snø, er det ikkje uvanleg, seier meteorologane.

Anne Solveig Andersen

VINTER I FJELLET: Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal

– Det er nok ikkje heilt uvanleg. Det har vore litt låge temperaturar no i natt, seier satsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Ho seier at det høgt fjells kan verte såpass låge temperaturar framover på nattetid den komande veka.

– Vi er jo komne inn ein haustmånad, så det er moglegheiter for snø så høgt til fjells, seier Andersen.

Sognefjellet 3. september 2019

1400 METER: Tysdag morgon såg det slik ut ved Sognefjellshytta, 1.400 meter over havet.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Bruk vinterdekk

Vegtrafikksentralen oppmodar bilistar til å nytte vinterdekk om dei skal over fjellovergangar i Sør-Noreg dei neste dagane.

– Vi er no er inne i ei tid der folk bør vere obs og følgje med på veg og vêrmeldingar, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal Vegtrafikksentralen i Bergen.

Det er meldt kring null grader på nattetid og kombinert med nedbør kan det bli ein farleg kombinasjon for dei med sommardekk i fjellet. Sognefjellet er mellombels stengd etter snøfall i natt.

Snø i lufta

Også på fylkesveg 51 over Valdresflye har det lagt seg snø i vegen, men her blir det opplyst at det er bart i spora. Fjellovergangen er framleis open. Ein bilist opplyser til også til NRK at det er snø i lufta og sørpete vegbane på fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet.

På Sognefjellet har derimot brøytemannskap teke til på arbeidet med å rydde fylkesveg 55 for snø. Det er framleis uvisst når fjellovergangen blir opna att.

– Det må i alle fall slutte å snø før vi kan opne att. Det er litt vanskeleg å seie når det sluttar, seier Tysse.