– Det kom kring fem centimeter snø i natt, men det er tørt i vegbana no, seier dagleg leiar Råmund Mundhjeld.
For fylkesvegen forbi turisthytta 1.434 meter over havet var kvitdekt i 08-tida søndag morgon. For ikkje å snakke om markane rundt.
– Vi er no i slutten av august, men sjølv om det ikkje er heilt uvanleg, så er det ikkje så normalt. Eg har faktisk vore med å måka snø i juli. Det var ekstraordinært, seier Mundhjeld.
– For dei som ikkje er vande med slike ting, så vart det kanskje litt uro på morgonkvisten, legg han til.
Meir snø til natta
Statsmeteorolog Frode Hassel er ikkje akkurat overraska over snøfallet på Sognefjellet. Han kan likevel forsikre at ein ikkje treng stresse for mykje med å finne fram skiutstyret.
– Det vart ein brå overgang frå den flotte sommaren, men det var varsla snøfall mellom 1.200 og 1.400 meter. No blir det kjølig også kommande natt og i morgon, men både tysdag og onsdag vil temperaturane stige, før det dabbar av mot helga att, seier han.
– Så skiutstyret kan ligge enn så lenge?
– Ja, skal du på ski så må du nok endå høgare opp. Dessutan er det framleis litt energi i sola, så snøen som kjem no blir ikkje liggande lenge før den smeltar.
Ingen har klaga
Ved Vegtrafikksentralen i Bergen har dei ikkje fått ei einaste klage på dårleg brøyting frå uroa bilførar på fjellovergangane.
– Snøen vil eg tru er ekkel å køyre på, men enten så har ikkje folk køyrt i natt, eller så har det gått greitt, seier Lise Kristoffersen.
– Men er det slik at bilførarar allereie no bør tenkje at dei kan møte snø i høgda?
– Eg tenkjer at det er litt tidleg, men det er aldri godt å vite. Men ein skal uansett køyre etter forholda.