Hopp til innhold

Nei til kraftverk i Gloppen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil ikkje gje konsesjon til den planlagde utbygginga av Strupen kraftverk i Gloppen. Strupen er nemleg på niandeplass over dei høgste fossane i verda.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal
Foto: NRK

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier det er sjeldan dei seier totalt nei.

- Svært nær nasjonalparken

- Det er store internasjonale landskapsverdiar knytte til dette fossepartiet. I tillegg til at fossen er på niandeplass mellom dei høgaste fossefalla i verda er den aktuelle krafturbygginga svært nær Jostedalsbreen Nasjonalpark.

- Ukritisk, meiner grunneigarane

Det er selskapet Småkraft AS som har søkt om konsesjon for Strupen kraftverk i Myklebustdalen i Gloppen. Ni grunneigarar er med på utbygginga, og for dei betyr dette ekstra pengar i kassa. Per Jarle Myklebust er talsmann for dei ni.

- Eg er litt forundra over at Fylkesmannen så ukritisk brukar turlaget sin argumentasjon og påstandar utan at han slik eg les det gjer sine eigne. Eg synest han skal lytte til grunneigarane og.

Gode inntekter

Kraftverket vil få ein årsproduksjon på 27 GWh (Gigawatt-timar), eller straum nok til rundt 1.400 husstandar. Grunneigarane vil få rundt 10 milllionar kroner i bruttoinntekt som vil kome godt med når investeringane er nedbetalte.

- Oppkonstruert

Fylkesmannen sitt argument om "Topp-10"-liste og 9. høgste fossen i verda, er oppkonstruert, meiner Myklebust.

- Den lista har eg sett, men Strupen eksisterer ikkje på offisielle lister over høge fossefall.

Men Yndesdal avviser at dei byggjer på oppkonstruerte argument.

- Nei, vi må bruke dei statistikkane og den informasjonen vi får tilgang til.

Eit samrøystes kommunestyret i Gloppen har sagt ja til utbygging, men til sjuande og sist er det NVE som bestemmer.