NRK Meny
Normal

NAV trur det er tilfeldig at så mange arbeidsplassar forsvinn no

Nav og Innovasjon Norge meiner Sogn og Fjordane ligg godt an på arbeidsstatistikken, trass i at mange har opplevd å miste jobben sin denne hausten.

Nav

NAV: Direktøren for Nav i Sogn og Fjordane fortel at dei opplever at dei som bli ledige i fylket fort finn seg jobb sjølv, før dei kjem inn i Nav sitt system.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Det er klart det er ei tragedie for dei som har mist arbeidsplassen sin no. Men samstundes trur eg det er tilfeldig at så mange har forsvunne samstundes, seier direktør for Nav i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Økonomiprofessor Ola Grytten meiner dei 74 nedlagde arbeidsplassane gir grunn til uro.

Nav og Innovasjon Norge i fylket er ikkje bekymra for at folk skal slite med å finne jobb i framtida.

Les også:

Sogn og Fjordane ligg framleis godt an

Tore Thorsnes leiar Nav i eit fylke som toppar statistikkane. I 2015 hadde Sogn og Fjordane igjen lågast arbeidsløyse i landet, med 1,6 prosent ledige av arbeidsstyrken.

I heile landet er talet på arbeidsledige 3,1 prosent.

Tore Thorsnes, NAV-direktør

NAV-DIREKTØR: Tore Thorsnes trur det er tilfeldig at mange arbeidsplassar har forsvunne på ein gong i det siste.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Han meiner vi må bu oss på ei framtid der arbeidstakarane må vere meir fleksible.

– Ein del næringar er på veg ut. Folk må omstille seg, omskolere seg eller prøve seg på jobbar dei i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å prøve seg i, seier direktøren.

Sogn og Fjordane ligg langt betre an enn nabofylka på Vestlandet på statistikkane.

– Vi har sterke innslag av primærnæringar i fylket. Vi har bedrifter som driv eksport, ei velfungerande turistnæring som gjer at det er god driv i arbeidsmarknaden. Og så får vi litt igjen for no at Sogn og Fjordane ikkje har vore så aktive i oljenæringa.

Laster innhold, vennligst vent..

Oppdaterte tal blir offentlege fredag 28. oktober. Så langt i år er tal ledige redusert med 3,8 prosent, seier Nav Sogn og Fjordane.

Innovasjon i nye sektorar

– Næringslivet der det er lokale eigarar og lokalt engasjement er for å utvikle nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Vi ser at nasjonale bedrifter sentraliserer mot større byar, og det har vi ikkje mange av her i fylket, seier Halvor Flatland i Innovasjon Norge si avdeling på Leikanger.

Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge

INNOVASJON: Halvor Flatand er direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane. Han fortel at fleire bedrifter investerer mykje i fylket no, og trur det vil bli skapt mange nye arbeidsplassar framover.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

Han trur dei som mister jobbane sine no kan finne arbeid i næringane som har framgang i fylket, spesielt innan kunnskapsbasert industri.

– Selje er verdsleiande på databasert teknologi. Vi har Highsoft i Vik, og Tibber i Førde. Vi skal også ta vare på tradisjonell industri der vi skal modernisere og utvikle, men fyrst og fremst trur eg det blir skapt arbeidsplassar innan slike bedrifter eg nemner, seier Flatland.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.