Hopp til innhold

Telenor legg ned i Førde

FØRDE (NRK): Telenor har bestemt seg for å legge ned avdelinga i Førde. 23 personar mister jobben.

Telenorbygget

TELENOR: Avdelinga for kundebehandling for bedrifter blir lagt ned. Grunnlaget for nedskjeringa er behovet for å tilpasse selskapet dei fundamentale digitale endringane i samfunnet, skriv Telenor i ei pressemelding.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Telenor gjennomfører dramatiske kutt og tre avdelingar i Førde, Stavanger og Steinkjer vert lagde ned.

Divisjonen for Bedriftsmarknad vert redusert med 20 prosent. I alt 188 personar mistar jobben sin.

I Førde vart dei tilsette orienterte om avgjerda i eit møte som starta klokka 12.

Feira 20 år

Nyleg feira avdelinga i Førde 20 år. No må 17 tilsette sjå seg om etter ny jobb.

Seks av dei 23 i avdelinga har allereie takka ja til AFP.

– Vi ser at trenden rundt digitalisering er eskalerande. Vi vil gi kunden det han er oppteken av, og det er enkle digitale løysingar, seier Christina Andresen om kva som er grunnen til at Telenor seier opp 188 menneske som jobbar med kundebehandling i bedrifta.

Anders Krokan Telenor

INFORMASJONSSJEF: Anders Krokan i Telenor seier nokre av arbeidsoppgåvene dei har gjort ved Telenoravdelinga i Førde vil bli automatiserte og forenkla.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

I ei pressemelding skriv Telenor at dei tilsette vil få tilbod om arbeid ved avdelinga ved Rørvik i Nord-Trøndelag, eller sluttpakke.

Blant dei 23 tilsetje ved Telenor sit kundesenter i Førde er snittalderen over 51 år.

– Førde er ein arbeidsplass med dyktige medarbeidarar, men vi ynskjer å ha større einingar for å auke moglegheita for å bygge kompetanse, seier Anders Krokan, informasjonssjef i Telenor.

Vil ikkje kompetansen her i Førde vere ein naturleg del av prosessen?

– Vi håpar jo at nokon av dei vil vere med til Rørvik.

Fagforeining: – Det er kynisk

EL- og IT Forbundet reagerer sterkt på oppseiingane. Dei meiner bedrifta reknar gevinst på å flytte arbeidet over til nyrekrutterte medarbeidarar i Rørvik, som dei har tenkt til å gje 150.000 kroner mindre i året for den same jobben.

– Vi synest ingenting om den prosessen som har vore. Det er ei kundeserviceeining som har høg og god kompetanse på det dei driv med. Vi er sterkt ueinige og imot dette, seier Kosom Alexsander Skaale i El- og IT forbundet.

Telenorbygget i Førde

FØRDE: Sluttpakke eller flytting til Rørvik er alternativet for dei 17 tilsette ved Telenor si avdeling i Førde.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kan miste viktig pensjonsordning

Ein stor del av dei tilsette i Førde og Steinkjer er ein alder der ein står i fare for å miste pensjonsrettar i AFP-ordninga utan høve til få desse attende, hevdar EL- og IT forbundet i si pressemelding.

Dei meiner konsekvensen for dei råka er eit tap på meir enn ein million kroner i pensjon.

– I eit selskap som skal halde fram å eksistere og som leverer gode resultat er dette ny og råare personalpolitikk som vi ikkje har sett tidlegare, skriv fagforeininga i pressemeldinga.

Telenor svarar slik på kritikken:

– Vi tek avstand frå anklagar om at Telenor køyrer ein ny og rå personalpolitikk. Vi er klar over at fleire av våre tilsette står i fare for å miste sin AFP, og difor vil vi strekke oss langt for finne gode løysingar for dei det gjeld.