Hopp til innhold

Økonomiprofessor meiner 74 tapte arbeidsplassar gjev grunn til uro

På to dagar har fire verksemder i fylket kutta i talet på tilsette, eller lagt ned. Økonomiprofessor Ola Grytten meiner det delvis er naturleg, men ropar samstundes varsku.

Ola Grytten

VIL IKKJE SVARTMÅLE: Framtida for næringslivet i Sogn og Fjordane er ikkje heilsvart, men det er gode grunnar til å følgje nøye med, meiner professor Ola Grytten.

Foto: NRK

– Sentralisering, utholing av lokalt eigarskap er ikkje bra for distrikta, lokal innovasjon og entreprenørskap, seier Ola Grytten, som er professor i økonomisk historie.

Dei to siste dagane har meldingane om nedleggingar og tap av arbeidsplassar kome tett. Telenor legg ned sitt kundesenter i Førde, Posten kuttar det siste postkontoret i fylket og Vest Buss i Stryn har slått seg sjølve konkurs. Sogn Avis fortalde tysdag at Norsun har opplevd ein uventa svikt i marknaden og av den grunn må seie opp 20 tilsette.

– Lokal eigarskap er viktig, og har ein verdi i seg sjølv. Mykje entreprenørskap i ein del næringar skjer lokalt, og om ein ikkje har funksjonar rundt seg som før, så er det ei trist nedbygging, seier Grytten.

– Naturleg, men viktig å følgje med

Karen Marie Hjelmeseter

MYKJE GODT: - Vi kan ikkje berre klage, trass alt er det mange som gjer det særs godt, seier leiar for nærings- og kulturutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karen Marie Hjelmeseter frå senterpartiet.

Foto: Vidar Gudvangen

Dei mange nedleggingane og oppseiingane kom overraskande på leiar for næringsutvalet i fylkeskommunen, Karen Marie Hjelmeseter frå Senterpartiet.

– Det er ein del av desse tinga vi ikkje har høyrt noko om eller rekna med seier ho.

Saman med resten av utvalet var ho i dag på møte i Selje. Og på sine rundturar i fylket får dei innspel som også tyder på at næringslivet ikkje berre går i nedoverbakke i fylket.

– Det er mykje satsing og store investeringar i mange verksemder. Eg ser at fiskeri og kysten går godt. Også reiselivet og industrien leverer, påpeikar Hjelmeseter.

Grytten oppmodar lokale personar med stor kapital og politikarar om å følgje med på situasjonen. Det er utvalsleiaren klar på at dei vil gjere.

– Vi følgjer med og det er tema hjå oss i utvalet.

Vil ikkje svartmåle

Grytten er på si side klar på at endringane, og spesielt nedleggingane av Telenor og Posten sine kontor, kjem som følgje av ei naturleg utvikling. Internett tek over for fleire tenester og det er mogleg å ordne ting utan å oppsøkje tenester fysisk.

– Førde har vore skåna lenge. Isolert sett så er det ikkje så brutalt, men totalen er ikkje positiv.

Også Hjelmeseter ser at fylket kanskje har kome ekstra uheldig ut av ein del strukturelle endringar i samfunnet.

– Men, vi kan ikkje berre klage, det er mange her som gjer det bra, seier ho.

Grytten stør opp under dette og peikar på fleire lyspunkt.

– Fylket har alltid vore god på tilpassing. Det er låg arbeidsløyse, og ein er relativt gode på innovasjon, og mindre oljeavhengige enn resten av Vestlandet. Det er ikkje eit svart bilete, men samstundes må ein tenkje på lokalt eigarskap og plassering.