Personen som påførte henne skadene var ei 14 år gamal jente. Ho vil no bli meldt til politiet for valden mot den andre jenta.
Fire pågripne for narkotika
Ein narkoaksjon mot eit husvære i Florø i helga resulterte i pågriping av fire personar. Det vart gjort eit mindre beslag av amfetamin på staden. Dei fire som vart pågripne er kjenningar av politiet.
Bråk på Nordfjordeid
Det var svært mykje bråk på Nordfjordeid i samband med Eidadagane i helga. Politiet melder om mykje flaskeknusing, fyll, drikking på offentleg stad samt fleire mindre valdsepisodar.
Politiet måtte doble vakthaldet og sette inn ein ekstra patrulje for å halde orden. Fleire personar vil måndag bli melde for tilhøva.
Uro i Førde
Politiet hadde ein unormalt travel fredagskveld denne helga. I Førde måtte dei sitje vakt ved ein utestad i tre strake timar.
Les meir: Fredagsfyll i Førde.