Hopp til innhold

NAF støttar milliardar til småvegar

Venstre trur det vil bli prioritert annleis når små vegar skal få pengar til rassikring i framtida, men NAF slår ring rundt dei knøttsmå grendene som får hundrevis av millionar.

Jon Gunnes

KAN FÅ KONSEKVENSAR: Jon Gunnes trur det kan få konsekvensar at fylka skal ta over ansvaret for fylkesvegane.

Foto: Mari Vold

– Når fylkespolitikarane sit med makta vil dei nok fort prioritere annleis enn det staten har gjort, seier stortingsrepresentant for Venstre Jon Gunnes.

Førre veke fortalde NRK om totalt ti vegprosjekt der det skal bli brukt rundt 3,7 milliardar kroner for å rassikre vegar til litt meir enn hundre menneske.

– Dette er tale om gamle vegar der det er heilt naudsynt å ruste opp for at det skal vere forsvarleg å køyre der. Det vil nok ikkje bli brukt slike pengar på nye vegar i framtida, trur Gunnes.

Stortinget har vedteke at dei nye storfylka etter kvart skal ta over ansvaret for fylkesvegane frå Statens vegvesen, slik at fylkespolitikarar får meir å sei når det skal bli bestemt kor det skal brukast pengar på vegar og vedlikehald.

Jon Gunnes er i tillegg til å vere stortingsrepresentant for Venstre også nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget. Sjølv om han trur fylkespolitikarar vil prioritere annleis enn det Vegvesenet har gjort, trur han den samla pengebruken på til dømes rassikring kan bli høgare.

– Det har å gjere med at fylkespolitikarar på Vestlandet kjenner verkelegheita der betre enn tilsette i staten, og eg trur at dei vil prioritere rassikring høgare enn det som har vore gjort til no, og kanskje meir til enn del større rassikringsprosjekt som ikkje har fått nok, seier Gunnes.

– Alle fortener ein trygg veg

Sjølv om det blir brukt mykje pengar på vegar som berre blir brukt av nokre få, er det ikkje slik at alle er einige om at det ikkje er fornuftig. Kommunikasjonssjef i Norges Automobilforbund (NAF) Camilla Ryste seier at dei tykkjer det er bra at det blir brukt pengar på å rassikre vegar.

Camilla Ryste

VIKTIG MED VEG: Camilla Ryste i NAF meiner at det er viktig å ha trygge vegar også der det bur få folk.

Foto: Pressebilde / NAF

– Folk skal ikkje måtte køyre med ein klump i halsen på veg til jobb eller skule, alle fortener ein trygg veg uansett kor dei bur, seier ho.

NAF meiner at ein ikkje berre kan sjå på kor mange menneske som brukar ein veg, men også kor ofte vegen er stengd eller kor farleg det er å køyre der.

– Det blir for enkelt å berre peike på at det bur veldig få folk på ein stad, for det kostar samfunnet pengar dersom ein veg er stengd av ras veldig ofte, seier Ryste.