Cruiseskipet Britannia har lagt til kai i Flåm. I hamneområdet surrar dei rundt 4000 passasjerane rundt, saman med andre som har kome med buss eller tog.
Visit Sognefjord reknar med ein årleg vekst på mellom 10 og 15 prosent av besøkande turistar i året til området kring sognefjorden. På Fretheim Hotel har reiselivsaktørane samla seg for å diskutere korleis dei skal møte denne veksten slik at den blir berekraftig også i 2027.
– Slik eg ser det manglar det ikkje på flotte visjonar og målsettingar. Det vi er opptekne av no, er at vi i større grad handlar, seier Erling Oppheim som er dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.
les også:
Berekraft er eit honnørord
Plassar som tek i mot turistar i Norge kan få ei sertifisering som berekraftig destinasjon. Den utmerkinga jobbar er blant andre Anne Dorte Carlson med.
– Berekraft i seg sjølv er eit honnørord som brukast og misbrukast over ein lav sko. I reiselivet handlar det om bruk av lokalt kultur og natur, miljøomsyn, lokalbefolkning og samfunn og økonomisk levedyktigheit, fortel Carlson.
I Flåm fortel ho reiselivsbedrifter og politikarar om kva dei må gjere for å oppnå utmerkinga. Den vesle bygda har teke i mot cruiseskip sidan 1999, og i 2014 protesterte nokre lokale mot den store mengda turistar.
– Ein får veldig store menneskemengder på eit lite areal, på kort tid. Det kan påverke opplevinga både for gjestene og dei lokale. Og så er det utsleppstilhøve og slike ting ein må sjå på, seier Carlson.
Geiranger er allereie inne i ein prosess for å finne ut om ein cruisedestinasjon kan få utmerkinga «berekraftig destinasjon».
– Det flotte vi ser no er at denne type reisemål tek tak og jobbar mot å bli meir berekraftige. Då signaliserer plassar som Flåm og Geiranger kva Norge står for.
Må finne ut kven som skal bygge toaletta
Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug snakkar med turoperatørar frå heile verda som ynskjer å kome til Sogn. Han har opplevd fleire gonger at operatørar seier dei vil unngå Flåm på reisene sine, og heller reise til plassar med mindre menneske.
– Vi skal ha cruiseturisme også i framtida. Men vi må snakke om korleis vi kan gjere dette slik at både gjestene og lokalbefolkninga blir fornøgde, seier Brandshaug.
Reiselivsdirektøren vil ha med både lokalbefolkninga, reiselivsbransjen og politikarane på å bestemme kva type reiseliv vi skal ha om ti år.
– Det vil kome 10–15 prosent fleire turistar i året, det veit vi. Det må leggast til rette for parkering, toalett, skilting, infrastruktur slik at vi styrer turistane dit vi vil ha dei. Vi må vere i forkant, i standen for å få ei utfordring vi må løyse i etterkant, seier Brandshaug.