NRK Meny
Normal

Rundballeprotest mot cruiseturismen i Flåm - turistane reagerar med frykt

I Flåm når motstanden mot cruiseturismen nye høgder. På rundballar blir turistane møtt med ord som seier dei ikkje er velkomne.

Protest mot cruiseskip

PROTESTERER: Bonde Anders Fretheim har malt beskjedar til turistane på rundballar.

Foto: Anders Fretheim

– Det fyrste som møter turistane når dei kjem inn med cruiseskipet er rundballar med påskrifta «no cruiseships». Det er ganske flaut at det er det fyrste turistane ser i Flåm, seier Torgeir Skjerdal i Flåm guide service.

I løpet av sommarsesoner vitjar om lag 250.000 cruiseturistar Flåm. Skjerdal møter dagleg turistar, og fortel at beskjeden som står skriven på rundballane skapar sterke reaksjonar.

– Dei reagerer med frykt, og lurer på kvifor dei ikkje er velkomne hit, seier han.

Frustrert

Rundballar

FLEIRE SPRÅK: Bonde Anders Fretheim har skrive beskjeden sin på fleire språk.

Foto: Anders Fretheim

Dei mange turistane som tek turen til Flåm er ei viktig inntektskjelde for den vesle bygda. Samstundes er den store trafikken av cruiseskip ei belastning på miljøet. Fleire i lokalsamfunnet meiner at tolegrensa er nådd.

– Frustrasjonen har bygd seg opp over fleire år, og det er ikkje noko magemål på kor mange ein skal ta i mot. Det handlar berre om å ta i mot absolutt alt og setje ny rekord på Flåmsbana, så er man lukkelege, seier bonde Anders Fretheim, som står bak rundballane.

Bonden ynskjer ikkje å ramme turistane med kritikken, men han er uroa for miljøet dersom veksten i cruiseskipsnæringa held fram.

– Folk ønskjer å ha eit leveleg lokalmiljø. Det er ingen som ønskjer å puste inn denne røyken heile sommaren, seier Fretheim.

– Turistane blir skremt vekk

Kristian Jørgensen i Fjord Norge forstår frustrasjonen, men er ikkje einig i verkemidla som vert nytta.

– Det vi ser no er at ein tredjepart vert skadelidande på grunn av ei konflikt ein ikkje klarar å løyse lokalt, seier han.

Jørgensen fryktar at rundballeaksjonen vil få konsekvensar.

– Dette påverkar omdømme til heile Vestlandet og ikkje minst til Flå. Man skil ikkje mellom cruise og landbaserte næringar, så dette vil påverkar heile reiselivet og alle former for turisme, fortel han.

Vil ha eit skip om dagen

Cruisebåtar i Flåm

MANGE CRUISEBÅTAR: Dette er ikkje eit uvanleg skue for innbyggjarane i Flåm.

Foto: Anders Fretheim

John Håland i Elveeigarlaget i Flåm har lenge vore kritisk til utviklinga i heimbygda. Men er ikkje samd med Jørgensen i at aksjonen vil skremme vekk turistane.

– Nei, dette skremmer ikkje vekk cruiseturistane, seier Håland.

Han håpar turistane forstår at kritikken ikkje er meint å ramme dei, men at det handlar om å skape rammer som både miljøet og folk i bygda kan leve med.

– Kanskje det er nok med eit skip for dagen, det er slike punkt ein peiker på, for det er ingen som er motstandarar av cruisetrafikk eller passasjerar i seg sjølv, seier Håland.

Avhengig av turisme

Driftsleiar i Flåm utvikling, Sivert Bakk, trur fleirtalet av innbyggjarane i Flåm er positive til turismen.

– Dei fleste innbyggjarane i Flåm ser verdien av turistane, og ser den positive utviklinga Flåm, som tidlegare var truga av fråflytting, er i no, seier Bakk.

Han meiner Flåm er i stand til å ta imot så mange skip som dei gjer i dag, men at dei sikkert kan gjere ting betre og Bakk ønskjer debatten velkomen.

– Ein debatt er sunt, men eg synast ikkje dette er måten å starte ein debatt på, seier driftsleiaren.