Hopp til innhold

Ewos-topp skal ha kravd eller motteke bestikkingar på nær tre millionar kroner

Medan han var sjef i verdas største fiskefôrprodusent, Ewos, skal mannen ha tatt imot og krevd pengar frå ulike leverandørar for 2,7 millionar kroner.

Ewos

GIGANT: Ein tidlegare leiar i fiskefôrprodusenten Ewos er tiltalt for å ha fått pengar for mellom anna å dekke ulike maritime tenester og underpris/dekning av gjeldsforpliktingar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I dag startar rettssaka mot den tidlegare Ewos-leiaren. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararen til mannen. Den tiltalte er ikkje frå Sogn og Fjordane.

To andre er tiltalt for å ha gjeve mannen ein og to millionar kroner. Ingen av desse vil erkjenne straffskuld når saka startar.

Strafferamma er fengsel i ti år, men det er uvisst kva påstand påtalemakta vil kome med når saka blir avslutta i månadsskiftet mai/juni.

Krev full frifinning

To av mennene er tiltalt for grov utruskap, medan ein er tiltalt for grov kvitvasking av utbytte frå eigne straffbare handlingar.

Ein av dei tiltalte er ein mann frå Sogn og Fjordane.

– Det blir kravd full frifinning. Utover dette vil ikkje vere korrekt å gje ytterlegare kommentarar, seier forsvararen hans, Bjarte Grønlien.

Omfattande sak

Sør-Trøndelag tingrett har sett av åtte veker til den omfattande straffesaka. Tiltalane vart kjende like over nyttår.

Næringslivstoppar tiltalte for grov korrupsjon Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik seier det er ei omfattande sak som no skal opp. Kring 20 vitne skal forklare seg i løpet av rettssaka.

– Det er snakk om ein alvorleg tiltale med 12 forhold og tiltaleperioden strekkjer seg over vel ti år. I denne saka er det betydeleg med dokumentasjon, som vi ynskjer dei tiltalte skal forklare seg om, seier Harbo-Lervik.

– Vil trenge tida

– Erfaringsmessig så brukar ein tida som er sett av i økonomiske straffesaker. Det går ofte mykje tid til dei tiltalte si forklaring. Det reknar eg med skjer i denne saka også, legg ho til.

Økokrim innleia etterforskinga då dei, i samband med ei anna straffesak, kom over eit større pengebeløp hos den tidlegare Ewos-leiaren i 2015.

I 2016 vart ein mann dømd til fengsel i 11 månader for å ha overført nær 700.000 kroner til mannen.

Mannen erkjende forholdet og betalte ifølgje rettsboka fordi han var redd for å miste oppdrag til Ewos.