Hopp til innhold

Næringslivstoppar tiltalte for grov korrupsjon

Ein tidlegare leiar i Ewos og to menn tilknytt ein av leverandørane deira er tiltalt for grov korrupsjon.

Ewos

EWOS: Fiskefôrprodusenten Ewos er ein av dei største i verda, med kontor i Norge, Chile, Canada og Skottland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

To av mennene er tiltalt for grov utruskap og ein er tiltalt for grov kvitvasking av utbytte frå eigne straffbare handlingar.

Forsvararen til ein av dei tiltalte seier hans klient nektar straffskuld og vil kreva full frifinning. Dei to andre har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men forsvararen til den tidlegare Ewos-leiaren seier til NTB at hans klient også nektar straffskuld.

– Økokrim starta etterforskinga då vi i mars 2015 kom over eit større pengebeløp hos den tidlegare tilsette i Ewos. Vi gjorde det i samband med ei anna straffesak som er rettskraftig avgjort og oppklara, seier førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik.

2003 til 2011

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik

TILTALE: Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik seier mennene deltok i dei første avhøyra, men etter det ikkje ville gi ytterlegare forklaringar til politiet. - Det er ikkje noko uvanleg i vår type straffesaker, seier ho.

Foto: EUP-BERLIN / GORM K. GAARE

Det var Sysla som først omtalte tiltalen. Den tidlegare leiaren i Ewos skal ifølgje tiltalen ha kravd eller motteke bestikkingar på til saman 2,7 millionar kroner frå ulike leverandørar.

To personar tilknytt ein av leverandørane er no tiltalt for å ha gjeve ein og to millionar kroner.

– Det ligg til grunn for tiltalen at dei har gjort dette for å syte for eit godt kontraktsforhold med Ewos. Tiltaleperioden strekkjer seg frå 2003 til 2011, seier Harbo-Lervik.

Fengsel

I september 2016 vart ein mann tilknytt ein annan leverandør dømd til fengsel i 11 månader for å ha overført nær 700.000 kroner til den tidlegare Ewos-leiaren. Mannen erkjende forholdet. Ifølgje rettsboka var han redd for å miste oppdrag for Ewos.

Den tidlegare Ewos-leiaren skal mellom anna fått pengar for å dekke ulike båtopplag, vedlikehald av fritidsbåt, lån og underpris/dekning av gjeldsforpliktingar.

– Strafferamma i saka er fengsel i ti år. Kva den konkrete straffutmålinga blir, må vi komme tilbake til under rettssaka, seier Harbo-Lervik.

– Uakseptabelt

Hanne Dankertsen

KOMMUNIKASJONSSJEF: Hanne Dankertsen seier Ewos avdekka brot på interne retningsliner medan Kripos etterforska den tidlegare leiaren. – No ser vi at også Økokrim meiner at det har skjedd noko kriminelt her, seier ho.

Foto: Orkla Foods Norge

Kommunikasjonssjef Hanne Dankertsen presiserer at Ewos ikkje er part i saka, men at dei er utsett for ein utru tenar. Parallelt med etterforskinga til Økokrim avdekka interne undersøkingar at den tidlegare leiaren ikkje følgde Ewos sine interne retningsliner.

– Uetisk framferd eller ulovlege handlingar er heilt uakseptabelt, uansett om det er våre tilsette eller samarbeidspartnarar, seier ho.

Det er for tidleg å seie om saka får følgjer for leverandørar involverte i korrupsjonssaka.

– På generell basis vil eg seie at alle våre samarbeidspartnarar er klare over kva vi ventar av dei når det gjeld etisk framferd. Dei sikta i denne saka er enkeltpersonar, og ikkje selskap, så vi vil ikkje trekkje slutningar før den juridiske prosessen er ferdig.

Krevjande

Økokrim har no sendt saka til Sør-Trøndelag tingrett. Det er førebels uvisst når saka skal opp.

Harbo-Lervik seier det har vore ei krevjande sak å etterforske.

– Det har vore ei brei etterforsking med fleire selskap og mange involverte personar. Etterforskinga har slik sett ikkje teke lang tid, men det har vore ei komplisert sak å komme til botn av, avsluttar ho.