Hopp til innhold

Næringslivet sponsar ny utdanning med nær ein halv mill.

Næringslivet i HAFS-regionen legg 480.000 kroner på bordet til ei ny linje ved Dale vidaregåande skule i Fjaler. Samtidig lovar dei lærlingplassar til dei 15 elevane det vil vere plass til på linja.

Næringslivet i HAFS

GOD SENTRING: F.v. Edgeir Vårdal Aksnes i Enoro, Anders Lien i Maritime Montering og Trygve Solås i Havyard Leirvik meiner ei linje innan maritim produksjonsteknikk vil bety mykje for rekrutteringa i fylket.

Foto: Birger Meland / NRK

Både utdanningsstatsråden og fylkespolitikarane har bedd næringslivet komme med utspel til framtidig skulestruktur. Det har næringslivet i HAFS – regionen teke på alvor.

Dei kastar no nesten ein halv million kroner inn i potten for å få på plass ei ny fylkesdekkjande yrkesfagleg linje under flagget Maritim produksjonsteknikk.

Samtidig lanserer dei også ei IB-linje i samarbeid med United World College i Fjaler.

Eit innspel i siste liten

Men innspelet kjem i tolvte time, noko Anders Lien, som er administrerande direktør ved Maritim Montering på Bjørvikstranda er samd i.

– Ein kan sikkert seie at næringslivet burde vore frampå tidlegare, seier Lien.

Han vedgår at det er ei kjensgjerning at ein av og til treng å få eit spark bak.

– Det er gjort her, og vi har fått ein god dialog med skuleverket. Vi ser at vi kan dra felles nytte av desse tinga, både som næringsliv og som skule, seier Lien.

– Er dette eit ledd i å få behalde ein vidaregåande skule i Dale?

– Vi har vore mindre opptekne av debatten om skulestruktur og meir om innhaldet i skulen. Men det er klart vi meiner at tilbod og etterspurnad må sjåast i samanheng, seier Lien.

Har ikkje råd til å miste ungdom

Han legg til at dei er krystallklare på at ein i Sogn og Fjordane ikkje har råd til å utdanne folk ut av fylket.

– Så lenge vi ikkje klarar å halde på ungdommen og gi dei lærlingplassar og jobbtilbod, så må vi tilpasse tilbodet til utdanning etter samfunnsbehovet. Då er det ei kjensgjerning at vi ikkje kan ha så mange plassar på medium og kommunikasjon og dans og drama som ein har i dag fordi den ungdommen klarar vi ikkje å halde på i fylket, seier Lien.

Ei av bedriftene som er med på denne fråsegna som vert send til fylkespolitikarane komande fredag er Havyard Leirvik. Verftsdirektør Trygve Solås er klar i si tale.
Ei slik utdanning som det her vert lagt opp til trengst i fylket.

– Utfordringane er store når det gjeld å halde på den arbeidskrafta. Vi trur at vi lettare vil klare å halde på dei dersom vi endrar litt i den opplæringa som er i dag, seier verftsdirektør ved Havyard Leirvik, Trygve Solås.

Lovar lærlingplassar

Bedriftene har også tenkt på vegen etter åra på skulebenken.

– Det vi har sagt, i samarbeid med Maritime Montering, er at med den nye linja, som vi har kalla marinteknisk produksjon, seier vi at vi samla skal kunne ta unna dei 12–15 lærlingane som kjem ut av linja, seier Solås.

– Kvifor har ikkje næringslivet gjort dette før?

– Vi har fått ei utfordring frå politikarane og byråkratane som vi no har teke. Vi innrømmer at vi burde komme med dette før, men det er siste dansen som gjeld. No kjem vi med dette utspelet, og ventar at vi får ei positiv tilbakemelding på det, seier Solås.

Håpar dette tenner gnisten i politikarane

Edgeir Vårdal Aksnes ved Enoro i Dale, som også er med på utspelet frå næringslivet i HAFS-kommunane, håpar dei 480.000 kronene som no er lagde på bordet vil tenne fylkespolitikarane.

– Eg håpar verkeleg dei ser på det som eit positivt svar på den utfordringa som dei gav, seier Aksnes.

– De sparkar på ein måte ballen tilbake til fylkespolitikarane no?

– Eg vil ikkje seie at vi sparkar han tilbake, men vi sentrar han tilbake. Vi skal ikkje vere mot kvarandre, men jobbe med kvarandre, seier Aksnes.

At ein no går ei spennande tid i møte når fylkestinget skal klubbe saka gjennom, er dei samde om.

– Det blir spennande for heile Sogn og Fjordane. Det er klart det er vanskeleg å vere fylkestingspolitikar i denne saka. Her skal ein finne den beste utvegen, og det er ikkje lett, men det er ein jobb som må gjerast, seier Lien.

Er viktig for å skape vekst

Dagleg leiar i Fjaler Næringsutvikling, Linda Hovland, meiner dette innspelet frå næringslivet nesten er for godt til å seie nei til.

– No har fylkeskommunen fått alle moglegheitene på bordet, så viss dei vil, så får vi det til. Næringslivet stiller garanti for midlane, Hovland.

– Kor viktig er dette for næringslivet?

– Det er alfa og omega å ha ein av grunnpilarane i eit samfunn til stades når ein skal skape arbeidsplassar og skape folkevekst. Då er dette ein av dei viktigaste faktorane. Har vi ikkje det med oss, så trur eg det kan vere vanskeleg å lykkast, seier Hovland.

– Du er ikkje redd for at innspelet kjem for seint?

– Det er aldri for seint. Vi har god tru, og kampen står no framover når fylkespolitikarane skal bestemme seg, seier Hovland.

Trur føresetnadene er gode

UWC (United World College) i Fjaler skal også bidra i prosessen.

– Vi har eit samarbeid kring ei IB-linje. Dette er ein gammal ambisjon vi har hatt, men det er først no vi har funne den rette modellen på korleis vi vil gjere det, seier utviklingsdirektør Arne Osland.

Tanken om ei IB-linje er eit prøveprosjekt som dei no har spelt inn for fylkeskommunen.

– Det er snakk fem til ti plassar kvart år på ei fylkesdekkjande linje. Vi har hatt kontakt med både fylkeskommunen og Utdanningsdirektoratet for å få råd til korleis vi skal tilpasse det, seier Osland.

Førebels har Utdanningsdirektoratet vore litt skeptiske til opplegget.

– Dei har gitt oss nokre praktiske og juridiske råd for at det skal vere mest mogleg ryddig. Juridisk sett vil elevane vere elevar ved UWC, men samarbeidet med Dale vidaregåande skule ligg i botn, seier Osland.

– Det som er viktig for fylkeskommunen å ta med seg er at dei har bedt næringslivet komme på bana, og det har dei i aller høgste grad gjort no. Det må då kunne tolkast slik at ein må ta det på alvor, seier Hovland i FNU.