Hopp til innhold

Vestlandsregion kan vere bra for næringslivet

FØRDE (NRK): – Større regionar og sentralisering, treng ikkje vere negativt for næringslivet.

Vegard Gillestad Edgeir Aksnes og Inge Rotnes fra Tibber

SUKSESS: Vegard Gillestad, Edgeir Aksnes og Inge Rotnes gjer stor suksess med selskapet Tibber AS i Førde, og trur nødvendigvis ikkje at ein større region vi skade dei som bedrift.

Foto: Espen Breivik / NRK

Det meiner næringssjef i Sunnfjord, Rolf Sanne-Gundersen.

Han meiner at næringslivet i Sogn og Fjordane fullt mogleg kan lukkast om Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til ein Vestlandsregion.

Rolf Sanne-Gundersen

HAR TRUA: – Rolf Sanne-Gundersen er næringssjef i Sunnfjord, han har tru på næringslivet sine moglegheiter i ein ny Vestlandsregion.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Alle som driv politikk er opptekne av grenser. Ikkje næringslivet. Om ein finn ein samarbeidspartnar i Florø, eller Ulsteinvik, så samarbeider ein med vedkommande uavhengig av kvar den held til. Eg trur vi skal klare å overleve, sjølv om vi blir ein vestlandsregion. Det er potensial der, seier han.

Skepsis i Sp

I dag starta dei endelege forhandlingane mellom Hordaland og Sogn og Fjordane om ein ny stor region på Vestlandet. Allereie 3. februar skal avtalen vere vedteken i dei to fylkestinga.

Karen Marie Hjelmeseter

FRYKTAR: Senterpartipolitikar og komiteleiar for næring og kultur i Sogn og Fjordane Fylkeskommune Karen Marie Hjelmeseter (Sp) fryktar sentralisering.

Foto: Senterpartiet

Senterpartipolitikar og komitéleiar for næring og kultur i Sogn og Fjordane, Karen Marie Hjelmeseter, fryktar sentralisering.

– Det er ikkje dumt å vere nær dei det gjeld og nær dei som tek avgjerdene. Eg er engsteleg for at det slår dårleg ut for det lokale næringslivet. Arbeidsplassar og næringsliv er viktig også i Sogn og Fjordane, og ikkje berre rundt dei store byane og folkerike områda, seier ho.

– Må stå samla

Den skepsisen deler ikkje Sanne-Gundersen. Han trur ein storregion vil gi moglegheiter for næringslivet.

– Skal vi få ein posisjon, så må vi stå samla. Vi må samarbeide betre for å ta del av den veksten og utviklinga som skal skje, seier han og ynskjer seg fleire gode døme som gründerane i nyetablerte Tibber.

Førde-verksemda har hatt stor suksess med det som vert kalla kraftbransjen sitt svar på Spotify.

Satsar i Førde

Edgeir Aksnes

Edgeir Aksnes gjer stor suksess med selskapet Tibber AS i Førde, og trur nødvendigvis ikkje at ein større region vi skade dei som bedrift.

Foto: Espen Breivik / NRK

Tibber har utvikla ei teneste der kundar kan kjøpe, selje og spare straum gjennom mobiltelefonen. Tenesta går godt både i Norge og Sverige.

– Vi aukar kundemassen vår med ti prosent kvar veke. I tillegg har vi auka frå seks tilsette, til eit team på ti personar. Vi veks på alle moglege område, seier Edgeir Aksnes.

Han er tydeleg på kva som er viktig om eit lokalt næringsliv skal overleve i Vestlandsregionen.

– For mykje sentralisering i ein storregion, får negative følgjer. Men dersom ein stor region kan gå framføre, og skape god, solid og føreseieleg infrastruktur, så vil det vere ein sterk fordel, seier Aksnes.