Eit endelaust fakkeltog i vind og regn gjennom Eidsgata viste på nytt at nordfjordingane stiller opp for sjukehuset sitt. Ingebjørg Blålid Rakkenes frå Kjølsdalen var ei av dei mange i fakkeltoget på Nordfjordeid:
- Eg tykkjer det er fordeleg at dei skal legge ned sjukehuset. Vi har så stor behov for det. Dei tek bort det viktigaste, og det er kirurgien. Den må vi ha.
Mange appellar
Foto Torje Bjellaas NRK.
Samla i og kring det gamle ungdomshuset Valhall fekk dei frammøtte høyre appellar og innlegg med mange sterke og varme ord om lokalsjukehuset si betydning. Mellom dei som heldt appell var leiaren i Senterpartiet, Åslaug Haga, som ikkje godtek nedskjæring på Nordfjordeid:
- Dette handlar om tryggleik. Dette handlar om at folk i Nordfjord skal kjenne den tryggleiken og nærleiken som sjukehuset representerer, og godtfolk: som de fortener, sjølvsagt gjer de det.
Kjempar for bevaring
Foto Torje Bjellaas NRK.
Helse Førde har alt vedteke at den kirurgiske akuttberedskapen skal leggast ned på Eid. Det sjukehuslegane no kjempar for er bevaring av den ortopediske akuttberedskapen. Og når det fyrst er kirurgar i beredskap kan dei behandle eller i alle fall stabilisere det aller meste innan det kirurgiske før eventuell vidaresending til anna sjukehus.
- Vellukka aksjon
Og aksjonstalsmann Rune Muri trur no at denne nedleggingstruga beredskapen i fyrste omgang kan vere sikra fram til sommaren:
- No kjem den til å bli oppretthalden i alle fall fram til 1. juli, så sant vi greier å få ei løysing med turnuskandidatane. Og om vi viser at dette fungerer godt og på ein økonomisk god måte, så går eg ut i frå at det vert ei permanent ordning slik at vi har berga akuttberedskapen og får behalde den i framtida, seier Muri.