Hopp til innhold

Nær 200 personar evakuerte: - Kom seg ut av husa i siste liten

Nær 200 personar er evakuerte i Sogn og Fjordane etter flaumen sine herjingar tysdag og natt til onsdag. Folk kom seg ut av husa i siste liten, fortel politiet om den dramatiske evakueringa.

Berging av utstyr

BERGING: I Sogn er nær 200 personar evakuerte etter vatnet sine herjingar. Kor store skadane er rundt om blir først klart når det blir lyst.

Foto: Arne Veum

– På slutten av natta har det vore roleg, etter at evakueringa var ferdig. Det har vore hektisk å få evakuert alle og få oversikt over kven som budde kvar, og vere trygge på at alle fekk med seg melding om det, fortel operasjonsleiar hjå politiet, Wenke Hope.

Flest evakuerte er det i Flåm, der 143 personar har vore vekke frå heimane sine i natt i Flåmsdalen og Flåm sentrum. Totalt var 252 personar i kontakt med kommuen og redningsmannskapar i samband med evakueringa.

Tre hus i Flåm vart tekne av flaumen. Fleire av dei evakuerte måtte søkje tilflukt under ein steinhammar for å vere trygge for vassmassane. To helikopter var i sving natt til onsdag for å berge fleire personar ut, då vegar og bruer var viska vekk av vassmassane.

– I Flåm var det kritisk. Der gjekk det både hus og våningshus, og folk kom seg ut av husa i siste liten. Elva var stor, og det var vanskeleg å vite korleis det ville gå. Hadde dammen bresta ville også heile Flåmsdalen blitt oversvømd, seier Hope om den dramatiske natta.

– Ikkje trygt å reise heim

I Flåm blir både barnehagen og skulen halden stengd onsdag. Skulebåt og arbeidsskyss blir ikkje sett opp onsdag. Kommunen held også ekstraordinært formannskapsmøte klokka 07.30. Vassverket i Undredal er ute av drift som følgje av flaumen, opplyser kommunen på sine nettsider.

I Lærdal er over 30 personar evakuerte frå heimane sine på Ljøsne og Tønjum, etter at fleire småelevar i kommunen gjekk over sine breidder fleire stader. Fleire husstandar må vente seg å vere utan straum til fram på dagen onsdag. Feilen er lokalisert, men blir ikkje retta før det blir dagslys, opplyser Lærdal Energi.

Også i Årdal måtte folk forlate heimane sine tysdag kveld. 15 hus vart evakuerte, med over 20 innbyggjarar.

– Evakuerte må ikkje reise heim før dei får melding om at det er trygt. Dei kan ikkje reise til heimane sine å sjå etter eller prøve å berge noko, før politiet har gjeve klarsignal, understrekar Hope.

Her samlar folk seg på evakueringssenteret i Aurland

Får først full oversikt når det lysnar

Også fleire bygdesamfunn rundt om i heile fylket er råka av vassmassane, og har vore heilt eller delvis isolerte gjennom natta. Over 20 vegar i Sogn og Fjordane er stengde som følgje av flaum, ras eller fare for ras.

– Det kan sjå ut som at elvane er i ferd med å gå ned, det var det siste vi høyrde frå våre folk då dei avslutta for natta. Det er for tidleg å seie kor tid folk kan få flytte heim. I Flåm skal NVE sjå på korleis det ser ut med Høgebrua der vassmassane har hopa seg opp ved ein avlastingstunnel. Først når det blir dagslys får vi avklart kva som blir bestemt, fortel Hope.

Har de oversikt over skadeomfanget i fylket?

– Nei, full oversikt har vi ikkje. Vi må nok vente til det blir lyst før vi ser kva som er reist med elvene, seier Hope.