Hopp til innhold

Flaum, ras og rasfare isolerer fleire bygder

Svært mange vegar i Sogn og Fjordane er stengde grunna flaum og rasfare. Sjå heile lista her.

Ras mellom Dystad - Svelgen

LANG LISTE: Mange vegar er framleis stengde i fylket, men fleire vegar har også opna i morgontimane.

Foto: Statens Vegvesen

Alt regnet og snøsmeltinga siste døgna skapte store problem over heile fylket.

Mange vegar er framleis stengde, men ein del vil truleg opne når dagslyset kjem. Då vil også flaumskadane i fylket kome til syne.

– Vi har ikkje fått inn meldingar om status på vegane, men vi reknar med at det kan vere utgravingar på brukar og vegskuldre, seier vaktoperatør Arne Stadheim hos Statens vegvesen.

Veglause grender

Stengingar har gjort mange grender veglause. I Aurland gjorde dette evakueringsarbeidet svært utfordrande.

Stadheim stadfestar at det onsdag morgon er mange isolerte bygder, som ikkje har omkøyringsmoglegheiter.

– Det er nok ganske mange. Feios, Fresvik, Arnafjord, Dyrstad, Underdal og heller ikkje i områda i Stryn er det alternativ, seier han.

Mindre nedbør

Det er utover dagen meldt sørvest frisk bris, periodevis liten kuling, stiv kuling nær Stad, utpå dagen dreiande vestleg.

Nedbøren vil kome i byger, over 500-700 meter som snø. Snøgrensa vil seinare krype ned til 400 meter. Det er utrygt for torden, og temperaturane vil synke noko.

Her er den siste oversikta:

  • E16 er stengt ved Bogetunnelen på strekninga Dale - Bergen, er venta opna innan 09.30
  • Fv 13 er stengt ved Gjermundstad i Gaular på strekninga mellom Dragsvik og Moskog på grunn av flaum.
  • Fv 184 er stengt på grunn av flaum på strekninga mellom Hatlehi og Øyri i Fresvik i Vik.
  • Fv 245 i Flåm er stengt frå E16 ned mot kaiområdet på grunn av flaum.
  • Fv 272 Bø-Tønjum, stengt på grunn av flaum.
  • Fv 331 mellom Urnes og Skjolden er stengt på grunn av flaum.
  • Fv 422 er stengt ved Osen bru, på grunn av flaum på strekninga mellom Osen bru og Hjelmeland i Gaular.
  • Fv 453 var tidlegare i dag stengt mellom Klakegg og Fonn i Jølster på grunn av overfløyming. Vegen er no open for trafikk.
  • Fv 572 er stengt på strekninga mellom Dyrstad og Svelgen i Bremanger på grunn av steinras. Vegen vert ikkje opna i dag.
  • Fv 601 er stengt på grunn av fare for ras på strekninga mellom Langhuso og Undredal i Aurland.
  • Fv 609 mellom Førde og Askvoll er stengt og vert ikkje opna i dag.
  • Fv 610 er stengt på grunn av flaum i Hestad i Gaular på strekninga mellom Osen bru og Eldalsosen.
  • Fv 720 er stengt mellom Hjelleøyane og Erdal i Stryn på grunn av fare for ras. Ny vurdering onsdag morgon klokka 09.00
  • Fv 723 er stengt på strekninga mellom Bødalen og Loen i Stryn på grunn av overfløyming. Ny vurdering klokka 09 onsdag morgon.
  • Fv 724 er stengt mellom Briksdalen og Olden i Stryn på grunn av flaum. Ny vurdering klokka 09.00 onsdag.

Du kan sjekke vegvesen.no eller nrk.no/trafikk for oppdaterte lister.