Hopp til innhold

Naboar klagar på Ole Ivars-konsert

Ole Ivars på dansebandfestival i Seljord. (Arkivfoto)

Ein konsert med dansebandet Ole Ivars skaper trøbbel i Bremanger. Den velkjende gruppa skal ha dansegalla i eit partytelt neste helg, til nokre av naboane sin store forargelse.

Dansegallaen med Ole Ivars skal vere i partyteltet i Iglandsvik neste helg, og dette er ikkje alle naboane i området spesielt begeistra for. I følgje Bergens Tidende har det vanlegvis fulgt høg musikk, støy og fyll med arrangementa i partyteltet.

Sto i fleire månader

I fjor sto teltet oppe i fleire månader utan løyve. I år har kommunen gjeve løyve, men berre fram til den 19. juli. At Ole Ivars-dansen no skal haldast fem dagar etter at løyvet vert avslutta, har ikkje falle i god jord hos naboane som no har klaga både til fylkesmannen og til Bremanger kommune. Men no er løyvet utvida, slik at arrangørane har sitt på det tørre.

Kan ikkje ha besøk

Ekteparet som har sendt klagen skriv til fylkesmannen at støy og uro gjer at dei ikkje kan invitere barn og barnebarn til staden dei helgene det er arrangement i Iglandsvik.

- Konserten i teltet vil ikkje verte avlyst på bakgrunn av klagene, seier rådmann i Bremanger Tor Christian Gullhaugen.

Dei andre fastbuande husstandane har skrive under på at dansebandet er hjarteleg velkomne.