Hopp til innhold

Mundal begeistrar musikkmeldaren - igjen

Vel tre år har gått sidan sognedialekta til Åshild Mundal begeistra Norsk på Norsk sin musikkmeldar. No har ho klart det igjen.

Åshild Mundal

SPENT: Åshild Mundal kjem i februar til både Førde og Sogndal. Før det er ho spent på mottakinga albumet vil få.

Foto: Eir-J.Bue

Musikkmeldar Finn-Ulrik Berntsen hadde berre positivt å seie om debutplata «Fritt Fall».

Positiv blir også omtalen når «Hotell» skal under lupa i radioprogrammet.

– Det er noko med dialekta som gjer seg veldig bra. Det er slik klang i dialekten at du nesten blir sitjande andektig og lytte, seier Berntsen.

– Fantastisk

Musikkmeldaren skildra Åshild Mundal som eitt friskt pust i norsk pop førre gong. Etter å ha høyrt igjennom oppfølgaren, meiner han at denne pusten bør halde fram.

NRK har allereie lagt to spor frå plata i musikkbasen sin.

– For oss i P1 er det fantastisk å ha så flotte artistar som gir ut plate, seier han og ventar med å kaste den berømte terningen.

– Har ingenting å frykte

Finn-Ulrik Berntsen

IKKJE KLISJE: Finn-Ulrik Berntsen har sansen for musikken til Åshild Mundal. – Det er nære personlege tekstar om livet som er levd, men det blir aldri klisjeaktig, seier han.

Foto: Jon Branæs / NRK

– Men ho har ingenting å frykte for meg, held Berntsen fram og tykkjer om forandringane Mundal har gjort. Medan den førre plata var meir jazzprega, har Mundal no dreia litt mot folkemusikk.

– Eg tykkjer det er heldig. Det blir noko nytt og sprekare. Det er veldig mykje fine nynnbare melodiar. Dei har fått det til, nok ein gang, seier han og siktar til Mundal og produsent og musikar Jostein Ansnes.

Spent Mundal

Etter ha teke ein liten pause etter fødsel, er Mundal spent på tilbakemeldingane på plata.

– Samstundes er eg rolegare enn sist, smiler ho og meiner ho har utvida horisonten i høve til tematikken. Plata inneheld store kontrastar. Med lyse lette tekstar om livet, men også om tekstar om det motsette.

– Ei plate bør ha variasjonar. Slik er også livet. Det er oppturar og nedturar og tyngre dagar, seier ho.

Vandrar saman

Berntsen har allereie plukka ut sin favoritt frå albumet, «Vi vandrar saman», der Mundal syng i duett med Ansnes.

Det er elles einaste låten som artisten ikkje har skrive sjølv.

– Det er dristig. «Vi vandrar saman» er jo nesten eitt ikon, men dei har gjort den til sin eigen. Dei har teke ned farten, så det er berre gitaren til Ansnes og stemma hennar som gjer den veldig, veldig fin, seier han.