Hopp til innhold

Åshild Mundal gir ut debutplate

- Eg har berre positive ting å seie om plata, seier P1 sin platemeldar.

Åshild Mundal

Åshild Mundal frå Luster har gjeve ut debutplata si 'Fritt Fall.'

Foto: Pressefoto

Lusterkvinna Åshild Mundal haustar svært gode meldingar for debutplata si «Fritt Fall.»

Får terningkast fem

Avisene i Trondheim, der Hafslobygdingen har base, strør om seg med femmarar på terningen. Det same gjer meldaren til Sogn Avis. Denne veka ligg ho også på andre plass på salslistene for musikk i Trøndelag.

–Friskt og vakkert

Musikkmeldar i NRK P1, Finn-Ulrik Berntsen, meiner Åshild er eit friskt pust i norsk pop. P1-meldaren sit med eit intrykk av å ha høyrt noko friskt og vakkert etter mange gjenomlyttingar av «Fritt Fall.»

Artikkelen held fram under biletet.

Åshild Mundal - Fritt Fall

Slik ser omslaget til Åshild Mundal si første plate ut.

Foto: Patecover

–Minner om Olav Stedje

–Ho har ei fin stemme, med ein klang som kombinert med sognedialekta gjer det heile til noko spesielt og vakkert. Det minner meg litt om Olav Stedje som trollbind folk med songen sin, seier Berntsen til NRK. Han meiner Mundal føyer seg godt inn i rekka av unge nye norske artistar som syng på norsk og dialekt.


–Eg får ei god kjensle av denne plata. Ein blir sittande og lytte, det er ei perfekt haustplate, seier norsk på norsk meldaren i NRK P1.

Har sunge med dei store

Åshild har i ei årrekkje vore korist for flere større artistar som Dance with a Stranger, Tommy Körberg, Jan Eggum og Sissel. Men no tek ho steget fram som songar, tekst og låtskrivar. Musikken er akustisk basert og Åshild syng på klingande sognamål.

Spelt inn i Trondheim og Liverpool

«Fritt Fall» er innspelt i Øra Studio i Trondheim, og i det legendariske Parr Street Studio i Liverpool der mellom anna Coldplay har spelt inn musikk. Albumet er produsert av Jostein Ansnes som og er musikar på plata.

–Eg får hjartebank av gode meldingar

Åshild Mundal har jobba lenge med plata, og set difor ekstra stor pris på dei gode tilbakemeldingane.
–Eg får heilt hjartebank. Dei er overveldande, sa Åshild Mundal då ho besøkte lokalmusikkredaksjonen Lutt i NRK Sogn og Fjordane.

Valde norsk før engelsk

- Eg vurderte først å gi ut melodiane mine på engelsk. Men så vart eg utfordra til å forsøke på norsk og sognedialekt. Det har eg aldri angra på, fortel Mundal.
Ho kjenner seg trygg på det ho har skapt og er stolt av det.

Vil heim til Sogn

No vil Åshild Mundal ut på vegen, spele og spre musikken sin til mennesker rundt i heile Norge. Først på ønskelista står konsertar på heimebane i Sogn og Fjordane.
- Aller fyrst har eg mest lyst å få spelt for dei heime i Sogn, seier Mundal, som håpar telefonane frå konsertarrangørane etter kvart vil kime.

Du kan også vinne eit signert eksemplar av den nye plata. Send namnet på albumet i ei tekstmelding som du startar med kodeordet LUTT og sender til 1987.