Hopp til innhold

Mistar statusen som regionkontor

Fiskerikontoret i Måløy kan miste statusen som regionkontor. Bergen er føreslege som regionkontor for region Sør, som dekkjer kystfylka frå Stadt til svenskegrensa.

Regionkontoret i Måløy

KAN MISTE STATUS: Regionkontoret i Måløy kan bli fiskerikontor om det blir tre regionar i framtida.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

BLIR ENDRING: Fiskeridirektør Liv Holmefjord tilrår at det skal bli færre regionkontor framover.

Foto: Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektør Liv Holmefjord tilrår at Fiskeridirektoratet skal ha tre regionar i framtida, mot sju regionar i dag. Ho tilrår også at direktoratet skal vere representert på 19 stadar langs kysten, mot 28 i dag.

– Dette har vi gjort i samband med at vi ser framover på kva utfordringar fiskeriforvaltninga har framover og korleis vi kan stå godt rusta til å møte dei, seier Holmefjord.

Blir fiskerikontor

Ho meiner omorganiseringa ikkje betyr ei svekking av regionane til fordel for hovudkontoret i Bergen. Men om fiskeriministeren går inn for tilrådinga hennar, blir det ei endring når det gjeld regionkontora.

– Fiskeridirektoratet har i dag både regionkontor og lokale fiskerikontor. Dei som i dag er regionkontor og eventuelt blir ikkje blir vidareført som det, dei held fram som fiskerikontor med eit godt fagmiljø der, seier ho.

– Kva er grunnen at Måløy ikkje skal vere regionkontor?

– Vi har sett på ein del kriterium som kan vere viktige når vi skal lokalisere eit regionkontor. Det går til dømes på nærleik til fiske- og havbruksmiljø, relevant kompetansemiljø og korleis sikre god samhandling med andre aktørar.

Vil merkast i Måløy

Vidar Ulriksen

VIL MERKAST: Vidar Ulriksen er direktør for regionkontoret til Fiskeridirektoratet i Måløy.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kontoret i Måløy har i dag 26 tilsette. Direktør Vidar Ulriksen ved regionkontoret, trur ei flytting frå Måløy til Bergen vil få konsekvensar for dei tilsette.

– Du gjer ein reduksjon i Måløy og ei utviding i Bergen. Alternativet med tre regionar inneber jo at regionkontoret i Bergen skal styre dei fire kontora vi har i sør i dag, deriblant Måløy. Så det kjem til å bli ein heilt annleis situasjon for dei som skal sitte i leiinga, seier han.

Vil merke endringar på kort sikt

På kort sikt trur ikkje fiskeridirektør Liv Holmefjord at det blir store endringar i bemanninga ved kontoret i Måløy.

– Over tid vil dette utvikle seg, avhengig av kva oppgåver direktoratet har, korleis næringa utviklar seg og korleis fagmiljø blir bygd opp. På kort sikt vil det kanskje ha noko å seie på leiarnivå, men over tid har det betydning på andre område.

– Betyr dette at det på lengre sikt vil det ryke fleire stillingar ved eit eventuelt fiskarkontor i Måløy?

– Det kjem an på korleis fiskeriforvaltninga utviklar seg. Sjømatnæringa har potensial for å vekse framover. Det vil bety ei sterk forvaltning og det er ikkje gitt at det blir nedbygging. Men dette er vanskeleg å seie akkurat no, seier ho.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre seier han er svært skuffa over flyttinga av regionkontorfunksjonen.

– Vi har eit godt kompetansemiljø i Måløy, og det er ei klar målsetting for Sogn og Fjordane Høgre at kontoret skal forsterkast og vidareutviklast gjennom omorganiseringa av Fiskeridirektoratet, seier han.