Hopp til innhold

Mista kollega i ebola - men Åge held fram arbeidet

Åge Bøyum frå Lærdal har hatt ein tøff start på opphaldet i Sierra Leone. Men midt i alt elendet, er han og kollegaene endå meir overtydde om at jobben dei gjer, trengst.

Åge Bøyum ved hjelpesenteret

KREVJANDE: Åge Bøyum og dei andre hjelpearbeidarane i Røde Kors har krevjande dagar blant dei ebola-råka i Sierra Leone.

Foto: privat

– Dei siste dagane her ved Kenema Røde Kors Ebola Treatment Centre har vore prega av håp, tru, sorg og fortviling, seier Bøyum.

Det er knappe ti dagar sidan han og fire andre frå Røde Kors drog til det ebola-råka landet som hjelpearbeidarar. Bøyum er utdanna sjukepleiar og lektor ved sjukepleieutdanninga i Sogn og Fjordane, og har lang erfaring frå internasjonalt arbeid for Røde Kors.

– Talet på pasientar har i dei siste ti dagane gått mykje ned. Samtidig veit vi at rolege periodar ofte vert avløyste av hektiske, seier Bøyum.

Fleire vart sette i karantene

Brått vart senteret skaka av at ein av kollegaene deira vart smitta av den livstrugande sjukdommen.

– Kollegaen døydde etter svært kort tid. Ein ung sterk mann døydde av ebola etter berre nokre dagar, seier Bøyum.

Åge Bøyum i Sierra Leone

BLIR: – Å reise er ikkje eit alternativ. Kollegaene våre treng oss meir enn nokon sinne, seier Åge Bøyum.

Foto: privat

Senteret hadde behandla nær 600 pasientar før dette skjedde, og tiltak vart umiddelbart sette i verk.

– Dei som hadde hatt direkte kontakt med den døde vart sette i karantene, dei lokalt tilsette i byen her i Kenema og nokon internasjonale vart sende heim, seier Bøyum.

Sjølv hadde han ikkje hatt kontakt med den smitta kollegaen.

– Mi oppgåve går ut på å overvake og hjelpe til ved gravferder, samt å sørgje for at friske kjem heim. Dessutan følgjer vi opp dei pårørande, seier Bøyum.

Har bestemt seg for å bli

Han fortel at trass i at hjelpearbeidarane er prega av det som har skjedd, er det ingen som vil gje seg.

– På eit informasjonsmøte bestemte vi oss for at vi ville bli verande. Kollegaene våre treng oss meir enn nokon gong, seier Bøyum.

I dag går tankane hans til heimbygda Lærdal, der mange minnest det som skjedde for eitt år sidan.

– Halve heimbygda mi vart ramma av katastrofe og 40 hus brann ned. Då var eg i Nairobi, på veg inn i Sør-Sudan, for å jobbe med Røde Kors sitt engasjement i samband med borgarkrigen der. Røde Kors var til stades lokalt der også, på same måte som i Lærdal, og her i Sierra Leone, seier Bøyum.