Hopp til innhold

– Ebola-epidemien truleg over i løpet av 2015

Peter Piot, som leier arbeidet mot ebolaepidemien i Verdas helseorganisasjon (WHO), trur epidemien kan vere over i løpet av 2015.

Ebola-smitta mann ventar på sjuketransport i Sierra Leone.

Ein ebolasmitta mann ventar på transport til sjukehuset saman med kona si i Devils Hole vest for hovudstaden Freetown i Sierra Leone.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Piot har nyleg kome heim til Storbritannia etter å ha fylgt epidemien på nært hald i Sierra Leone. Han seier i eit intervju med BBC at han er oppmuntra av framgangen han såg på bakken i landet, og dei lovande testane av vaksinar mot sjukdomen. Han åtvarar likevel om at det kan enno kan tid før ein vaksine er klar.

Det noverande ebolautbrotet i det vestlege Afrika, truleg det dødelegaste nokon gong, har hittil kosta 7300 menneske livet. Dei fleste dødsfalla har skjedd i Sierra Leone, Liberia og Guinea.

– Toppen nådd i Liberia

Peter Piot i Verdas helseorganisasjon.

Professor Peter Piot leier arbeidet mot ebolaepidemien i Verdas helseorganisasjon WHO.

Foto: TOSHIFUMI KITAMURA / Afp

Peter Piot, som er ein av forskarane som oppdaga ebolaviruset i 1976, seier at sjukdomsutbrotet er over toppen i Liberia, og at det er venta å nå toppen i Sierra Leone i løpet av dei neste vekene. Likevel, seier han, er det ein lang og vanskeleg veg å få bukt med epidemien.

– Ebola-epidemien er framleis svært alvorleg i dei ramma områda. Menneske døyr og nye tilfelle blir oppdaga. Vi må belage oss på at det blir hardt arbeid i heile 2015, seier han i intervjuet med BBC World Service.

Han la likevel til at han var imponert over den framgangen som er gjort i Sierra Leone.

– Døyr ikkje i gatene lenger

– Det blir etablert behandlingssenter for ebolaramma over heile landet. Det er ikkje lenger slik at menneske døyr i gatene fordi dei ikkje får behandling, seier han.

Peter Piot fortel også at tilgangen på enkle hjelpemiddel som intravenøs væske og antibiotika har gjort at to av tre som er smitta med ebolaviruset, no overlever sjukdomen.

– Skal vi få endå fleire til å overleve sjukdomen må vi ha ei type spesialbehandling, som no blir testa ut. Han håpar at det i løpet av dei neste tre månadene vil vere klart kva type behandling som er den mest effektive.

LES OGSÅ: – Silje kan ha blitt immun mot ebola

LES OGSÅ: Ebola-bekjemperne er «Årets person 2014»

Vaksinar under utvikling

Han legg til at det å utvikle ei vaksine er meir komplisert, men at det er heilt nødvendig for å kunne møte framtidige epidemiar. Tre vaksinar er under utvikling no, og testane blir karakteriserte som svært lovande.

Prøver med ei eksperimentell ebolavaksine har vist at vaksinen er trygg og har ført til immunitet blant friske testpersonar i Uganda.

LES OGSÅ: Har halvert malariadødsfall siden år 2000

LES OGSÅ: Noreg spelar hovudrolle i ebola-program

LES OGSÅ. – Jeg er ikke redd for å bli smittet

SISTE NYTT

Siste nytt