Hopp til innhold

Tok store sjansar for å redde dyra

Familien mista huset i den store brannen i Lærdal. Dei tok store sjansar for å få berga ut den siste av to kattar, i tillegg til hunden Molly.

Mista huset i Lærdalsbrannen, familien Krusedokken Hunderi

HAR MISTA ALT: F.v.: Judith Hunderi, Reidar Krusedokken, Mari Neset Hunderi, Molly og Knut Endre Krusedokken.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var i nabohuset til Reidar Krusedokken og familien at brannen i Lærdal starta. No har ikkje familien anna ein det dei står og går i.

– Det er ingenting att av huset vårt. Alt er vekke, fortel Krusedokken.

Totalt er 23 bygningar totalskadde i brannen som herja i Lærdal natt til søndag, og fleire andre har fått mindre skadar.

Såg at det lyste

– Vi sat og såg på TV, hadde akkurat spelt litt brettspel, så vi kosa oss og hadde det kjempebra, men så ser Judith at det lyser borte ved brannstasjonen, fortel Reidar Krusedokken.

Ho ber då Reidar gå ut på kjøkkenet for å sjå kva som lyser.

– Eg var faktisk på veg ut igjen frå kjøkkenet då eg ser at nabohuset brenner. Aller først forstod eg ikkje kva det var, så eg gjekk ut og såg at huse stod i full fyr, fortel Krusedokken.

Sprang med bøtter

Han sprang inn igjen i huset og Judith Hunderi fekk ringt og varsla. Hunderi sa då at det burde komme folk frå Sogndal og alle kantar fordi austavêret gjorde at det blåste mykje.

– Ho visste at då kunne alt brenne opp, og det var jo nesten det som skjedde, fortel Krusedokken.

Medan Hunderi prata med brannvesen i telefonen var brannvesen på staden allereie begynt på det store arbeidet med å få sløkt brannen.

– Det var kaos. Vi sprang med bøtter med vatn og prøvde å halde det i sjakk borte ved naboen aller først, men så spreidde det seg, fortel Krusedokken.

Ville redde dyra

Etter kvart tok fleire av nabohusa deira fyr, og dei fekk beskjed om at no måtte dei berre komme seg derifrå.

– Men så har vi jo dyr og. Ein hund og to kattar. Vi hadde fått med oss hunden og den eine katta, men den minste fant vi ikkje. Så då sprang sonen min og dama mi og eg inn i huset igjen, men vi fant ikkje katten, fortel Krusedokken.

Dei leita i vedskjulet og garasjen utan resultat. Krusedokken gjekk då inn i huset ein gong til.

– Det var like før vi absolutt måtte forlate området, men då fant eg heldigvis katten. Eigentleg hadde vi vel ikkje lov til å springe inn att i huset, for vi hadde allereie fått beskjed om å komme oss vekk der ifrå, fortel han.

(Artikkelen held fram under bileta)

Måtte på sjukehuset

Etter å ha berga det siste familiemedlemmen køyrde dei til eit vennepar som ikkje budde så langt unna. Dei fant fort ut at dei hadde fått i seg ein del røyk og måtte ta turen opp på Lærdal sjukehus.

– Då vi kom opp der måtte vi få oksygen alle saman, og vi blei verande der ei stund. I mellomtida så forsvann både mobilnettet og straumen. Så då vi kom ned att til venneparet som passa dyra våre, så var jo dei og blitt evakuert. Utan mobilnettet fekk vi jo ikkje tak i dei og visste ikkje kvar dei var, fortel Krusedokken.

Familien har etter dette fått bu hos slektningar i Årdal.