Hopp til innhold

Mista 20 år med data på eit klikk

I mars måtte Stein Malkenes betale løysepengar for å få tilbake alt innhaldet på PC-en sin. Denne veka skjedde det nesten igjen.

Fleire har lete seg lure av ein falsk epost som såg ut til å kome frå Posten.

IKKJE KLIKK: Mange har lete seg lure av den falske eposten som ser ut til å kome frå Posten.no. (Bilete tatt frå åtvaring på Facebook).

Foto: Eva Marie Felde

– Ein hektisk dag på jobb klikka eg på ei hentemelding frå Posten i ein e-post. I løpet av nokre sekund var heile PC-en og den eksterne harddisken med 20 år med jobb kryptert, vekke og sletta, fortel Stein Malkenes om hendinga i mars.

Stein Malkenes

SVINDLA: Då svindelen var eit faktum melde Svein Malkenes det til politiet. Dei svarte at dei verken hadde ressursar eller kompetanse til å gå inn i slike saker, og at eg var med på å halde oppe svindelen ved å betale.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den falske hentemeldinga som såg ut til å kome frå Posten.no var sendt ut av kriminelle. Nokre dagar seinare kom ein ny e-post frå Italia med krav om løysepengar i bitcoin, eller nettpengar, for å få tilbake all informasjonen. Han kontakta alt av offentlege aktørar som kunne tenkast å hjelpe og melde saka til politiet, men det var inga hjelp å få. Ei privat kontakt vart løysinga.

– Eg fekk skaffe nokre tusenlappar i bitcoins, og snakka med banken slik at overføringa gjekk i orden.

Mange forsøkt svindla

Denne fekk han på ny tilsendt ein falsk e-post frå Posten, om ein pakke som låg og venta.

– Hjelpe meg, no må eg slette det med ein gong, tenkte han og unngjekk dermed ei ny runde med svindlarane.

John Eckhoff, pressesjef, Posten Norge

FRYKTELEG: John Eckhoff i Posten seier dei informerer kundane om svindelen som er i omløp, men at det er lite dei kan gjere. – Bevisstheita hjå kundane er stor, og mange skjønar at det er svindel.

Foto: Posten Norge

Og han er ikkje den einaste.

– Mange har fått eposten, og det har kome til norske e-postbrukarar med jamne mellomrom sidan i fjor sommar, seier John Eckhoff, pressesjef i Posten.

Han garanterer likevel at Posten ikkje er blitt hacka, slik at dei kriminelle har tilgang til deira system og veit kven som får reelle hentemeldingar frå selskapet.

– Det er heilt umogleg, og tilfeldig at folk få faktiske meldingar frå oss og så svindel e-post like etter, seier han.

– Frykt, tillit og freisting

Han får støtte frå Vidar Sandland i Norsk sener for informasjonssikring (NORSIS). Dei blir også kontakta av både private og bedrifter som er utsette for liknande svindlar. Han ber folk vere merksam og slutte å vere godtruande.

– Vi ser at dei kriminelle spelar på tre faktorar; frykt, tillit og freistingar. Det er enkelt å bli nokon andre og sende ut e-post og SMS. Ikkje tru på det sjølv om det står at det er frå nokon du kjenner, seier Sandland.

For Malkenes løyste det seg heldigvis. Når pengane var kjeltringane i hende kom krypteringsnøklane litt etter litt.

Vidar Sandland, seniorrådgiver Norsis

TENK DEG OM: Ta regelmessig backup av innhaldet på datamskina di, og ikkje gje frå deg personinformasjon eller innstaller noko du ikkje veit kva er, er råda frå Vidar Sandland i NORSIS.

Foto: Ida Hjerkinn

– IT-eksperten eg kjende sat døgnet rundt i ei veke, og til slutt hadde han funne og berga 20 år med arbeid og private ting som var lagra på maskina.

Han er sjokkert over at han nok ein gong vart prøvd svindla, og prisar seg lukkeleg for at han ikkje gjekk i fella på ny.

– Heldigvis var eg oppmerksam denne gongen.