Hopp til innhold

– Svindelforsøka blir stadig meir avanserte

Nettsvindlarar tek i bruk stadig meir omfattande metodar for å svindle til seg pengar.

Anette Bjerke

Skatteetaten åtvarar no mot svindelforsøk som dei opplever blir stadig meir avanserte.

Foto: Baard Brinchmann

Skatteetaten er berre eit av mange selskapa som opplever å bli misbrukt i svindelforsøk. Med jamne mellomrom blir det sendt ut falske e-postar og SMSar som kan sjå ut som om dei er frå Skatteetaten som lovar folk pengar tilbake på skatten, om dei klikkar seg inn på ei lenkje. No er ei ny bølgje med slike epostar i omløp.

Anette Bjerke, kommunikasjonsrådgivar i Skatteetaten, ber folk bruke hovudet før dei bit på.

– Hovudbodskapen vår er at ein aldri må gi frå seg private opplysningar. Og vi som skatteetat ville heller aldri be om å få slike opplysningar. All vår elektronisk kommunikasjon som omfattar personsensitive opplysningar skjer innlogga via Altinn.

– Så har du fått ein e-post eller ein SMS der du blir bedd om å gi frå deg slik informasjon, så er det ein svindel og du bør slette den, seier ho.

Meir avansert

Skatteetaten har også tidlegare åtvare mot forsøk på svindel. Den nyaste svindelmetoden skil seg derimot frå dei tidlegare på eit viktig punkt.

Svindelforsøk Skatteetaten

Avsendaradressa som svindlarane brukar liknar på den Skatteetaten brukar sjølv.

Foto: Skjermdump

– I det siste eksempelet brukar dei ei avsendaradresse som verkar meir autentisk enn det vi har sett tidlegare, seier Bjerke.

Adressa som blir brukt er nemleg support@skatteetaten.no. Bjerke fortel at dei har sett ei tydeleg utvikling i svindelmetodane, noko som gjer at dei har blitt vanskelegare å oppdage.

– Svindelforsøka blir stadig meir avanserte. Dei første inneheldt mykje dårleg språk og det var lett å sjå at Skatteetaten ikkje var avsendar.

No ser vi at språket i meldingane har blitt betre, dei brukar vår logo og ei avsendaradresse som liknar på den vi sjølv har.

Alvorleg

Bjerke vektlegg at ein bør slette e-posten eller SMSen dersom ein mistenker at den er falsk.

Svindelforsøk skatteetaten

Bilete viser det nyaste svindelforsøket som gir seg ut for å vere Skatteetaten.

Foto: Skjermdump

– Det er viktig å ikkje gi frå seg informasjonen dei ber om, eller å svare på e-posten. Ein bør heller ikkje trykke på lenker eller vedlegg i meldingane. Vi oppmodar også folk å varsle oss om dei blir utsett for svindelforsøk.

Dersom uhellet først er ute og ein har gitt frå seg kort- og kredittopplysningar anbefaler Skatteetaten at ein sperrar kort og kontoar så raskt som mogleg. Dei ser alvorleg på svindelforsøka og har politimeldt fleire av dei.

– Nokre av desse tilfella har hatt så stort omfang og vore så alvorlege at vi har meldt dei til politiet. I tillegg prøvar vi å bruke ulike kanalar for å få ut informasjon til publikum om at dette er forsøk på svindel, seier Bjerke.