Hopp til innhold

Millionar til arbeidsløysetiltak

Regjeringa løyver millionar i tilskot til kommunar der over 3,1 prosent av innbyggarane står utan jobb.

Lars Svein Drabløs og Bjørn Lødemel

TILTAKSPAKKE: Fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs og Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: MONTASJE: Asgeir Heimdal Reksnes/Trond Vestre / NRK

– Dette er svært viktig. Regjeringa kjem med ei viktig handsrekning til Sør og Vestlandet i ein krevjande situasjon for mange arbeidstakarar og bedrifter, og eg er trygg på at kommunane vil bruke desse midlane på ein god og framtidsretta måte, seier Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel,

I Sogn og Fjordane får kommunane Flora, Selje, Bremanger, Vågsøy og Hyllestad støtte. Flora får mest av alle, med eit tilskot på 2,5 millionar kroner.

Ny aktivitet

Pengane skal gå tiltak som kommunane må starte opp i løpet av 2016, og som per i dag ikkje ligg i budsjetta.

– Det er for å få fart på ny aktivitet, og det er opp til kommunane å bruke pengane på ein fornuftig og framtidsretta måte, seier Lødemel.

Kommunane på Sør og Vestlandet er dei som er blitt hardast råka av krisa i oljeindustrien

– Eg er svært glad for at regjeringa no gjev kommunane høve til å setje i gang tiltak for at dei som er råka av nedgangen i petroleumsindustrien eller anna næringsliv får moglegheit til å satse på nyskaping og varige arbeidsplassar, seier fylkesleiar Lars Svein Drabløs Frp.

Ikkje imponert

I Flora er ikkje ordførar Ola Teigen (Ap)r ikkje imponert over løyvinga på 2,5 millionar kroner for å motverke arbeidsløysa.

Ola Teigen

FOR LITE: Ola Teigen (Ap) er ordførar i Flora.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er opptatt av tiltak som kunne legge til rette for næringslivet og varige arbeidsplassar. Då snakkar vi om betydleg større summar enne dette.

Regjeringa løyver 150 millionar kroner til vestlandskommunar som slit med arbeidsløyse over 3,1 prosent. Dei siste arbeidsløysetala viser at Flora har ei arbeidsløyse med 4,3 prosent og arbeidsløysa er direkte knytt til oljekrisa.

Teigen meiner det må meir midlar på bordet for å få varige arbeidsplassar.

– Vi har eit prosjekt på gang med utdjuping av skisleia. Eit slikt prosjekt hadde verkeleg fått sett fart på sysselsetting i byen, men då snakkar vi om 100 millionar kroner, seier Teigen.

Viser vilje

Tiltakspakken frå regjeringa er ein del av revidert nasjonalbudsjett, som blir lagt fram i dag.

– Ein kan jo alltids diskutere om det er nok pengar, men det som er viktig er at regjeringa har sett at her må det tiltak til. Her er det vilje til å få i gang aktivitet, slik at folk ikkje skal blir gåande heime, seier Drabløs.

– Kva type tiltak meiner du kommunane bør bruke pengane på?

– Det må vere opp til kommunane. Det er viktig no at kommunane er målretta på tiltaka, slik at det kan skape varige arbeidsplassar, seier Drabløs.