Hopp til innhold

Milde vintrar trugar stadig fleire skisenter: – Kjem det ikkje snø snart, er det over

Mangel på snø gjer at fleire skisenter ikkje klarar å halde ope på vinterstid. På Breimsbygda skisenter har sparebøssa snart gått tom.

Lite snø på Breimsbygda skisenter.

MANGELFULT: Varmare klima gjer at fleire skisenter må halde stengt store delar av vinteren. Det får økonomiske konsekvensar.

Foto: NRK

– Det er avgrensa kor mykje eit skitrekk på våre kantar toler av slike vintrar før det er over, seier driftsleiar Runar Kleppe i Breimsbygda skisenter.

På grunn av snømangel har skisenteret knapt vore ope i år, og etter stadig fleire milde vintrar dei siste åra kjenner Kleppe kniven på strupa for skisenteret. Det er han ikkje åleine om.

Det var Firda Tidend som først omtalte saka.

Har tatt opp millionlån

Med unntak av den kalde vinteren for to år sidan, har det vore svært lite snø og få opningsdagar for skitrekket i Gloppen.

Tankar om kva framtida bringer, gjer Kleppe uroa.

– Tre av siste fire vintrane har vore elendige, i tillegg til denne. Ein må jo ha snø for å halde fram. Så eg tenkjer jo sjølvsagt på det: kva skjer neste år?

Runar Kleppe på Breimsbygda skisenter

IKKJE NOK: Driftsleiar Runar Kleppe i Breimsbygda skisenter har sett betre dagar i bakken. Her frå den gode sesongen i 2018, som han meinar var ein unntakssesong.

Foto: PRIVAT

Som eit ekstra uromoment har også skisenteret eit millionlån frå banken å betale tilbake. Kleppe fortel at økonomien er sopass skrapa at dei måtte søke til Sparebanken Sogn og Fjordane om å sleppe å betale avdrag på låna sine i 2020.

Med unntak av eit positivt driftsresultat på vel ein halv million i 2018, gjekk skisenteret med nær tilsvarande summar i driftsunderskot i 2017 og 2019, viser offentlege rekneskapstal.

– Me kunne ikkje ta nokon sjansar på nok ein snølaus sesong. Difor valde me å søkje.

– Kor lenge kan de halde fram som dette?

– Nei, me treng snø i år, for å seie det slik.

Vrien situasjon

Breimsbygda skisenter er berre eit av mange skisenter på Vestlandet som no slit med å halde ope.

Denne vinteren stod ein splitter ny barneheis klar til bruk ved Stryn vinterski. Heisen har dei venta på i årevis, men så langt har han knapt vorte nytta.

– Me har berre hatt to dagar ope, for to veker sidan. Då fekk me innvia juniortrekket, og det fungerte veldig bra. Men på søndagen kom regnvêret, seier dagleg leiar Frode Briksdal i Stryn vinterski.

Sjølv er han ikkje like bekymra for vêrutviklinga som Kleppe. Han meiner det er for tidleg å spekulere i kva framtida vil bringe.

Vert ikkje trudd når dei held ope

På Jølster skisenter er dagleg leiar Even Hole klar på at tendensen han ser ikkje verkar lovande.

– Folk trur jo nesten me spøker om me seier at det er ope no. Det er ikkje tvil om at det er varmare no enn det har vore før, meiner han.

Men sjølv om vinterkulda har latt vente på seg også i år, trur han skisenteret vil halde fram ei god stund til.

– Me vestlendingar gir oss ikkje så lett, veit du.

Even Hole

GIR IKKJE OPP: Dagleg leiar Even Hole i Jølster Skisenter lev i trua på at godvêret skal komme til Jølster. - Me har jo fortsatt februar att, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK